Hopp til innhold

Vi søker einingsleiar for Helse i 30% stilling

Arbeidsgiver

Aukra kommune Helse

Sted

Aukraringen 17, 6480 Aukra

Om jobben

Stillingstittel
Einingsleiar
Type ansettelse
Fast, deltid 30%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 9. august

Aukra kommune søkjer ein engasjert og utviklingsorientert einingsleiar for eining Helse i 30 % fast stilling. 

Eining Helse er ein del av sektor for helse og omsorg og omfattar legetenesta, jordmorteneste, fysioterapi, ergoterapi, helsestasjon, skulehelseteneste, samt psykisk helse og rus. Eininga har ei sentral rolle i utviklinga av framtidas helse- og omsorgstenester i kommunen, med særleg fokus på førebygging, tidleg innsats, tverrfagleg samarbeid og berekraftige tenester. 

Aukra kommune er inne i eit spennande utviklingsarbeid, der vi skal utvikle framtidsretta berekraftige og innovative helse- og omsorgstenester til beste for innbyggjarane. Som einingsleiar får du ei viktig rolle i dette arbeidet og høve til å påverke korleis framtidas helsetenester skal utformast. 

Som einingsleiar vil du ha overordna ansvar for fag, økonomi og personal innan eininga, leie avdelingsleiarane i eininga og vere ein del av kommunalsjefen si leiargruppe. 

Arbeidsoppgåver 

  • Overordna ansvar for drift, økonomi, fag og personal i eininga 

  • Leie og støtte avdelingsleiarane i deira arbeid 

  • Bidra til strategisk utvikling av helse- og omsorgstenestene i kommunen 

  • Sikre god kvalitet, pasienttryggleik og forsvarlege tenester 

  • Bidra til tverrfagleg samarbeid og samhandling internt og eksternt 

  • Delta aktivt i kommunen sitt utviklings- og omstillingsarbeid 

Kvalifikasjonar 

  • Relevant høgare utdanning 

  • Leiarutdanning er ønskjeleg. Relevant leiarerfaring kan kompensere for manglande formell leiarutdanning. 

  • Erfaring frå leiing og utviklingsarbeid innan helse- og omsorgstenester er ønskjeleg 

  • God økonomiforståing og kunnskap om offentleg forvaltning 

  • Gode digitale ferdigheiter og forståing for utvikling og innovasjon i helsetenestene 

Personlege eigenskapar 

Vi søkjer ein leiar som: 

  • er tydeleg, trygg og inkluderande i leiarrolla 

  • har gode samarbeidsevner og evne til å byggje relasjonar 

  • er strukturert og har god gjennomføringsevne 

  • er utviklingsorientert og ser moglegheiter i endring og omstilling 

  • er oppteken av å skape gode tenester gjennom samarbeid, medverknad og innovasjon 

  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø og motiverer medarbeidarane 

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt. 

Vi tilbyr 

  • Ei spennande og utviklande leiarstilling i ein kommune med høge ambisjonar for helse- og omsorgstenestene 

  • Deltaking i ei engasjert og aktiv tverrfagleg leiargruppe    

  • Kommunale tilsettingsvilkår med løn etter avtale 

  • Stønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning  

  • Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk  

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar  

 

Stillinga er ei fast 30 % stilling og kan vere godt eigna å kombinere med klinisk arbeid eller anna relevant stilling, etter nærare avtale. 

Mangfald  

Aukra kommune fremjar mangfald og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Vi legg til rette for søkjarar med redusert funksjonsevne.  

Prøvetid  

Gjensidig effektiv prøvetid på seks månader. Ved lengre fråvær kan utvida prøvetid vere aktuelt.  

Offentleg søkjarliste  

Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om unntak frå søkjarlista, jf. offentleglova § 25. Du vil bli varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje kan takast til følgje.  

Søknad  

Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen «Søk på stilling».  

Søknadsfrist: 09.08.2026  
Utlyst dato: 02.07.2026  

Kontaktperson  

Silje Liepelt, kommunalsjef for helse og omsorg  
Telefon: 918 22 250  


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Silje Liepelt

Kommunalsjef

+47 91822250

silje.liepelt@aukra.kommune.no

Om bedriften

Aukra kommune er ein øy- og fastlandskommune på kysten av Romsdal og er kjent for sin robuste økonomi. Kommunen har 3750 innbyggarar og er ein vekstkommune. Med ilandføring av gass frå Ormen Lange-feltet og som gassknutepunkt for Norskehavet, er kommunen sikra eit unikt utgangspunkt for eit allsidig nærings- og kulturliv og godt utbygde tenester. Kommunen si plassering innbyr til friluftsaktivitetar både til sjøs og til lands. Avstanden til kultur-, fotball- og industribyen Molde er kort. Aukra kommune har om lag 450 tilsette. Administrativt er vi organisert i tre nivå: kommunedirektør, fire kommunalsjefar som leiar kvar sin sektor med totalt 14 einingar. Kommunen har gode utviklingsmoglegheiter og står overfor mange interessante prosjekt og store utfordringar. Våre verdiar er "Attraktiv - Uredd - Kvalitet - Raus - Arbeidsglede. Vi legg stor vekt på meistringsorientert og myndiggjerande leiing

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e26a7a9a-7cff-4dbc-9528-c8dc658160c1

Sist endret

3. juli 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3643497_192443_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser