Hopp til innhold

Brannkonstablar

Arbeidsgiver

Brann og redning, Bremanger kommune

Sted

6730 Davik

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Brannkonstabel
Type ansettelse
Fast, deltid 1%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Bremanger brann og redning har tre ledige stillingar som brannkonstablar på Davik. Bremanger brann og redning er organisert med fem brannstasjonar og tre depot, og har om lag 55 deltidsmannskap. Alle mannskapa i Bremanger brann og redning har plikt til å bere radio.


Arbeidsoppgåver

Deltidsbrannkonstabelen vert utkalla ved brann/ulukke etter behov. Det er krav til ca. 8 øvingar à 3 timar pr. år. Brannkonstablane er utan fast vaktordning, men har plikt til å bere radio og møte på utalarmeringar så sant dei har høve. 

Kvalifikasjonar

  • Arbeidsstad og bustadadresse innanfor rimeleg tid frå brannstasjonen
  • Må oppfylle fysiske og medisinske krav til røykdykking
  • Førarkort kl B.
  • Skriftleg godkjenning frå hovudarbeidsgjevar
  • Vere villig til å gjennomføre nødvendig opplæring/kurs som brannsjefen pålegg
  • God samarbeidsevne og fleksibilitet
  • God norskkunnskap, munnleg og skriftleg
Ynskjeleg:
  • Førarkort klasse C og utrykkingsførarkort kode 160 for køyring av brannbil
  • Fyrstehjelpskompetanse
  • Bakgrunn innan beredskap, redning og tryggleik.

Aktuelle søkjarar må gjennomgå helsesjekk og fysisk test før tilsetjing.
Den som får stillingane må legge fram helse- og politiattest.  

Vi tilbyr

  • Vi tilbyr ei rekke gode ordningar, som startpakke for nytilsette, bustadtilskot, med meir. Alle ordningane finn du her.
  • Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
  • Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse
  • Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
  • Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje
  • God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i pensjonsordning. SPK.no- Statens pensjonskasse for undervisningspersonale ogvKLP.no-Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
  • Gode personforsikringar i arbeid og fritid
  • Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgjevar
  • Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf. lokal avtale
  • Senioravtale for tilsette over 62 år 

Kontaktinformasjon

Robert Endestad, Leiar for brannberedskap, +47 90124335

Arbeidsstad


6730 Davik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bremanger kommune

Referansenr.: 5061796182
Stillingsprosent: 1%
Fast
Søknadsfrist: 01.02.2026

Om bedriften

Har du lyst til å bu tett på havet og naturen, i eit samfunn der det er godt å leve?

Bremanger kommune ligg ved kysten av Vestland fylke og har rundt 3.500 innbyggjarar. Her får alle barn gratis barnehageplass, og kommunen legg stor vekt på trygge og gode oppvekstvilkår. Kulturlivet og idrettsmiljøet er ope for både barn og vaksne, og naturen inviterer til eit aktivt friluftsliv, enten du er glad i fjellturar, sjøliv eller rolege stunder ute.

Grøn energi, industri, fiskeri og spektakulær natur er varemerket vårt. Vi er heimen til Grotlesanden, kystklippa Hornelen, Ålfotbreen og den legendariske Vetvika ut mot storhavet. 

Vi håpar du vil bli betre kjent med oss – les meir på www.bremanger.kommune.no og www.godebremanger.no!

 

 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e16d38cf-1257-4ecb-8063-3a1baf307d40

Sist endret

2. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

589f1b678c704a4784ba3c4dbb56ebc2

Lignende annonser

Ferievikar - Open omsorg indre

Arbeidsgiver

Open omsorg indre, Bremanger kommune

Sted

Svelgen

Helgastilling

Arbeidsgiver

f.t. ved tenestene for menneske med nedsett funksjonsevne avd. Hamretunet, Bremanger kommune

Sted

Svelgen