Hopp til innhold

Vi søkjer konsulent innan løns- og økonomiarbeid

Arbeidsgiver

Stab og støtte, Bremanger kommune

Sted

Granden 4, 6723 Svelgen

Om jobben

Stillingstittel
Konsulent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 26. april

Vi styrkar økonomifunksjonen i Stab- og støtte og søkjer ein medarbeidar som vil jobbe med lønsarbeid, fakturering, innkreving og andre økonomioppgåver. Er du nøyaktig, strukturert og glad i system og kvalitet? Då kan dette vere stillinga for deg.

Stab- og støtte er kommunen sitt felles fagmiljø innan økonomi, løn og personal, IKT og servicekontor. Vi søkjer no ein medarbeidar som vil få ei sentral rolle i arbeidet med fakturering, innkreving, lønsarbeid og viktige økonomiprosessar.

Stillingen passar for deg som likar ein kombinasjon av rutinepregede oppgåver og saksbehandling, og som trivst med ansvar, nøyaktig arbeid og god struktur. Du får jobbe i eit fagmiljø som set kvalitet høgt og der det alltid er kort veg til hjelp, støtte og samarbeid.

Arbeidet har stor verdi både for organisasjonen, tenestene og innbyggarane våre – og du vil bli ein viktig del av kommunen si økonomiske styring og drift.


Arbeidsoppgåver

I denne rolla vil du blant anna arbeide med:

  • fakturering og utsending av krav
  • oppfølging og innkreving av uteståande
  • ulike oppgåver knytt til lønsarbeid
  • kontroll, registrering og kvalitetssikring
  • diverse økonomioppgåver etter behov
  • samarbeid med interne einingar og eksterne aktørar
  • bidrag til utvikling av gode rutinar og effektive økonomiprosessar

Du vil jobbe tett saman med erfarne fagpersonar og få nødvendig opplæring.

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som har:

  • utdanning innan økonomi/administrasjon, gjerne bachelor (relevant erfaring kan kompensere for utdanning)
  • god talforståing og arbeidsmetodikk
  • gode digitale ferdigheiter
  • gjerne erfaring frå lønnsarbeid eller fakturering (ikkje krav, men ein fordel)

Personlege eigenskapar

For å lykkast i rolla trur vi at du:

  • arbeider nøyaktig og strukturert
  • har god evne til å prioritere og sikre kvalitet
  • trivst med rutinar, system og tal
  • er sjølvstendig, men samarbeidsorientert
  • kommuniserer tydeleg og serviceorientert

Hos oss får du

Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her:

  • Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
  • Gratis barnehage
  • Gratis 12 timar SFO i veka for elevar i 1.–3. klasse
  • Fritidskortet som sikrar minst eit gratis fritidsstilbod i året for barn og unge mellom 6 og 18 år.
  • Rekrutteringstilskot til nytilsette som er/blir folkeregistrert i Bremanger kommune; årleg tilskot på kr. 30 000,- i inntil fem år (totalt kr. 150 000 kroner)
  • Bustadtilskot på 200 000 kroner til førstegangsetablerarar under 50 år. 

Les meir om ordningane på https://bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/ 

I tillegg får du:

  • ei viktig rolle i eit solid og kunnskapsrikt økonomimiljø
  • ein variert arbeidskvardag med både rutineoppgåver og saksbehandling
  • opplæring og moglegheit for fagleg utvikling
  • eit arbeidsmiljø prega av humor, samarbeid og høy kompetanse
  • løn og vilkår i tråd med gjeldande avtalar

Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!

Kontaktinformasjon

Anita Solberg, Kommunalsjef

Arbeidsstad

Granden 4
6723 Svelgen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bremanger kommune

Referansenr.: 5108700491
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Anita Solberg

Kommunalsjef

Om bedriften

Har du lyst til å bu tett på havet og naturen, i eit samfunn der det er godt å leve?

Bremanger kommune ligg ved kysten av Vestland fylke og har rundt 3.500 innbyggjarar. Her får alle barn gratis barnehageplass, og kommunen legg stor vekt på trygge og gode oppvekstvilkår. Kulturlivet og idrettsmiljøet er ope for både barn og vaksne, og naturen inviterer til eit aktivt friluftsliv, enten du er glad i fjellturar, sjøliv eller rolege stunder ute.

Grøn energi, industri, fiskeri og spektakulær natur er varemerket vårt. Vi er heimen til Grotlesanden, kystklippa Hornelen, Ålfotbreen og den legendariske Vetvika ut mot storhavet. 

Vi håpar du vil bli betre kjent med oss – les meir på www.bremanger.kommune.no og www.godebremanger.no!

 

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

c9299f21-3d02-46de-a25a-690ef5fede24

Sist endret

10. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

ee6953bb920d4d55a0b882777514c1c4

Lignende annonser

Laster lignende annonser