25% fast helgastilling
Hamretunet, Open omsorg indre, Bremanger kommune
Svelgen Panorama 1, 6723 Svelgen
Om jobben
- Stillingstittel
- Helgastilling
- Type ansettelse
- Fast, deltid 25%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 26. april
Har du lyst til å gjere ein forskjell for menneske som treng støtte, tryggleik og gode kvardagsrutinar? Ved Hamretunet har vi no ledig ei 25% helgastilling, og vi ønskjer oss medarbeidarar som har interesse for faget og trivst med å jobbe tett på menneske.
Hamretunet er ein arbeidsplass med varme, humor og eit sterkt fagmiljø. Her får du vere med og skape meistring, utvikling og gode opplevingar for brukarane – samtidig som du blir ein viktig del av eit lag som støttar kvarandre.
Kvalifikasjonar
Vi ønskjer oss deg som:
- har erfaring frå pleie og omsorg
- gjerne er ferdig utdanna - eller under utdanning innan helse- og sosialfag
- trivst med å arbeide i team
- beherskar norsk godt, både skriftleg og munnleg
- har førarkort klasse B
- kan legge fram politiattest av nyare dato
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein medarbeidar som:
- er fleksibel og løysingsorientert
- bidreg til motivasjon, støtte og glede i arbeidsmiljøet
- kan jobbe sjølvstendig og ta avgjerder når det trengst
- trivst både å jobbe aleine og saman med andre
- har gode samarbeidsevner og er trygg i møte med utfordringar
- er lojal mot rutinar og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- tek imot rettleiing og deler kunnskap for å styrke laget
- Di innsats betyr mykje – saman skapar vi ein trygg og god kvardag for brukarane våre.
Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Hos oss får du
Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her:
- Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
- Gratis barnehage
- Gratis 12 timar SFO i veka for elevar i 1.–3. klasse
- Fritidskortet som sikrar minst eit gratis fritidsstilbod i året for barn og unge mellom 6 og 18 år.
- Rekrutteringstilskot til nytilsette som er/blir folkeregistrert i Bremanger kommune; årleg tilskot på kr. 30 000,- i inntil fem år (totalt kr. 150 000 kroner)
- Bustadtilskot på 200 000 kroner til førstegangsetablerarar under 50 år.
Les meir om ordningane på https://bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/
I tillegg får du:
- Eit godt arbeidsmiljø med humor, samhald og høg fagleg kvalitet
- Gode forsikringsordningar i arbeid og fritid
- Rekrutteringstilskot til helsefagarbeidar/sjukepleiar/vernepleiar med kr. 30 000 per år inntil 10 års ansiennitet.
- Gode pensjons- og låneordningar gjennom KLP, Kommunal Landspensjon
- Moglegheit for vidareutdanning og fagleg utvikling, med mogleg kompensasjon
- Arbeidsgjevar dekker arbeidsklede etter lokal avtale
- Senioravtale for tilsette over 62 år
Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!
Kontaktinformasjon
Hilde Gretha Hauge, Driftssjef open omsorg indre, +47 95989310Arbeidsstad
Svelgen Panorama 16723 Svelgen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommuneReferansenr.: 5110954234
Stillingsprosent: 25%
Fast
Søknadsfrist: 26.04.2026
Kontaktperson for stillingen
Hilde Gretha Hauge
Driftssjef open omsorg indre
+47 95989310
Om bedriften
Har du lyst til å bu tett på havet og naturen, i eit samfunn der det er godt å leve?
Bremanger kommune ligg ved kysten av Vestland fylke og har rundt 3.500 innbyggjarar. Her får alle barn gratis barnehageplass, og kommunen legg stor vekt på trygge og gode oppvekstvilkår. Kulturlivet og idrettsmiljøet er ope for både barn og vaksne, og naturen inviterer til eit aktivt friluftsliv, enten du er glad i fjellturar, sjøliv eller rolege stunder ute.
Grøn energi, industri, fiskeri og spektakulær natur er varemerket vårt. Vi er heimen til Grotlesanden, kystklippa Hornelen, Ålfotbreen og den legendariske Vetvika ut mot storhavet.
Vi håpar du vil bli betre kjent med oss – les meir på www.bremanger.kommune.no og www.godebremanger.no!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0dad38d6-ecd6-495e-a924-b63ef25239e6
- Sist endret
10. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
66c345f7af874137acbdd5cbd14b4a00