Hopp til innhold

Ønskjer du ei spennande læretid med varierte arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø?

Arbeidsgiver

Helse og omsorg, Bremanger kommune

Sted

6723 Svelgen

Om jobben

Stillingstittel
Lærling i helsearbeidarfaget
Type ansettelse
Lærling, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 31. mars

Vil du vere med på å verkeleg bety noko for mennesker og utgjere ein forskjell i livet deira? Er målet ditt å få fagbrev i helsefagarbeidarfaget? Bli ein del av eit fagmiljø med høg kompetanse og søk på ledig lærlingplass innan helsefagarbeid hos oss!

Bremanger kommune har ledige lærlingplassar innan helsefagarbeidarfaget frå hausten 2026. Vi tek òg imot søknadar frå lærekandidatar.

Som lærling vil du samarbeide tett med din rettleiar og andre medarbeidarar, og vi legg til rette for at du skal få brei erfaring innan ditt fagfelt. Læretida vert fordelt mellom einingar innan helse- og omsorgsetaten, med læretid innan fleire typar avdelingar med mogelegheit for hospitering og tilpassing av læretida etter ønskje.


Arbeidsoppgåver

  • Førebuing til fagprøva gjennom å planlegge og gjennomføre aktivitetar knytt til læreplanmåla for faget ditt
  • I det daglege vil du arbeide som ein helsefagarbeidar, som inneber å hjelpe ulike brukargrupper med gjennomføring av kvardagslege gjeremål som personleg hygiene, måltid, aktivitetar og generell tilrettelegging av kvardagen
  • Utøve pleie og omsorg i tråd med gjeldande krav til kvalitet, lovverk og Bremanger kommune sine visjonar og mål

Kvalifikasjonar

  • Fullført og bestått relevant VG1 og VG2
  • Kvalifisert til lærekontrakt
  • Beherske data som verktøy
  • Må beherske norsk munnleg og skriftleg tilstrekkeleg til å utøve yrket forsvarleg

Personlege eigenskapar

  • Som lærling i helsearbeidarfaget må du like å jobbe med mennesker
  • Du er samarbeidsvillig, fleksibel og påliteleg
  • Du trivast i møtet med pasientar og pårørande, og er oppteken av brukarane sine behov
  • Du må kunne vise omsorg og bry deg om andre menneske, og du må vise omsyn og respekt
  • Evne til læring og omstilling er viktig
  • Vilje til å stå på og hjelpe ein kollega når det trengs
  • Kan takle ein hektisk og variert arbeidskvardag
  • Du må ha gode samarbeidsevner sidan du i tillegg til å vere tett på pasientar og brukarar, samstundes må kunne samarbeide med pårørande og andre yrkesgrupper

Hos oss vil du få

Løn utover gjeldande tariff.
Løn som lærling er for tida 452.500,- pr. år i 100% stilling.

  • 1. halvår - 40% av årsløn
  • 2. halvår - 50% av årsløn
  • 3. halvår - 60% av årsløn
  • 4. halvår - 80% av årsløn
  • Rettleiarar og instruktørar på praksisplassen med god og relevant fagleg bakgrunn og erfaring. Oppfølging av lærling skjer i samarbeid med opplæringskontoret
  • Mogelegheit til eigenutvikling og refleksjon
  • Trivelege arbeidsplassar med godt læringsmiljø
  • Gode arbeidsmiljø med erfarne og engasjerte kollegaer
  • Verdifull arbeidserfaring og godt dokumentert praksis
  • Målretta rettleiing i både det teoretiske og praktiske arbeidet
  • Gode forsikringsordningar
  • Vi kan hjelpe til å skaffe bustad
  • Du har forsikring heile døgnet
  • God pensjonsordning i Kommunal Landspensjonskasse

Ved opptak til ein lærlingplass vil kommunen legge stor vekt på personlege eigenskapar. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju. Søkjarar med ungdomsrett som har bestått VG1 og VG2 vil vere prioritert. Søkjarar som ikkje har bestått enkeltfag kan likevel verte vurdert.

Vi håpar du ønskjer å verte lærling i Bremanger kommune og ser fram til å få deg med på laget!

Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar. Politiattest av nyare dato vert krevd før start i stilling.

Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknader om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

Kontaktinformasjon

Randi Ytrehus, Kommunalsjef Helse, +47 95988707

Arbeidsstad


6723 Svelgen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bremanger kommune

Referansenr.: 5082489698
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Søknadsfrist: 31.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Randi Ytrehus

Kommunalsjef Helse

+47 95988707

Om bedriften

Har du lyst til å bu tett på havet og naturen, i eit samfunn der det er godt å leve?

Bremanger kommune ligg ved kysten av Vestland fylke og har rundt 3.500 innbyggjarar. Her får alle barn gratis barnehageplass, og kommunen legg stor vekt på trygge og gode oppvekstvilkår. Kulturlivet og idrettsmiljøet er ope for både barn og vaksne, og naturen inviterer til eit aktivt friluftsliv, enten du er glad i fjellturar, sjøliv eller rolege stunder ute.

Grøn energi, industri, fiskeri og spektakulær natur er varemerket vårt. Vi er heimen til Grotlesanden, kystklippa Hornelen, Ålfotbreen og den legendariske Vetvika ut mot storhavet. 

Vi håpar du vil bli betre kjent med oss – les meir på www.bremanger.kommune.no og www.godebremanger.no!

 

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a3de4e7f-0c0b-4739-844f-2087e08b73b2

Sist endret

19. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

a47f6b2e72d4444188aa4f6a63ac2ffc

Lignende annonser

Arbeidsgiver

f.t. ved Open omsorg indre, Bremanger kommune

Sted

Svelgen