Hopp til innhold

Ønskjer du ei spennande læretid med varierte arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø?

Arbeidsgiver

Oppvekst, kultur og fritid, Bremanger kommune

Sted

Postboks 104, 6721 Svelgen

Om jobben

Stillingstittel
Lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget
Type ansettelse
Lærling, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 31. mars

Vil du arbeide med barn og ungdom? Er målet ditt å få fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget? Bli ein del av eit fagmiljø med høg kompetanse og søk på ledig lærlingplass innan barne- og ungdomsarbeid hos oss!

Bremanger kommune har ledige lærlingplassar innan barne- og ungdomsarbeidarfaget frå hausten 2026. Vi tek òg imot søknadar frå lærekandidatar.

Som lærling vil du samarbeide tett med din rettleiar og andre medarbeidarar, og vi legg til rette for at du skal få brei erfaring innan ditt fagfelt.


Arbeidsoppgåver

  • Førebuing til fagprøva gjennom å planlegge og gjennomføre aktivitetar knytt til læreplanmåla for faget ditt
  • Sørge for at barn og unge opplev ein meningsfull kvardag, gjennom å sjå kvart enkelt barn
  • Inkludere barn og unge i planlegging av kvardagsaktivitetar, og skape eit sosialt fellesskap

Kvalifikasjonar

  • Fullført og bestått relevant VG1 og VG2
  • Kvalifisert til lærekontrakt
  • Beherske data som verktøy
  • Må beherske norsk munnleg og skriftleg tilstrekkeleg til å utøve yrket forsvarleg

Personlege eigenskapar

  • Som lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget må du like å arbeide med barn og ungdom
  • Du er samarbeidsvillig, fleksibel og påliteleg
  • Du må kunne kommunisere med mennesker med ulik bakgrunn og i ulike livssituasjonar
  • Evne til læring og omstilling er viktig
  • Vilje til å stå på og hjelpe ein kollega når det trengs
  • Kan takle ein hektisk og variert arbeidskvardag

Hos oss vil du få

Løn utover gjeldande tariff.
Løn som lærling er for tida 452.500,- pr. år i 100% stilling.

  • 1. halvår - 40% av årsløn
  • 2. halvår - 50% av årsløn
  • 3. halvår - 60% av årsløn
  • 4. halvår - 80% av årsløn
  • Rettleiarar og instruktørar på praksisplassen med god og relevant fagleg bakgrunn og erfaring. Oppfølging av lærling skjer i samarbeid med opplæringskontoret
  • Mogelegheit til eigenutvikling og refleksjon
  • Trivelege arbeidsplassar med godt læringsmiljø
  • Gode arbeidsmiljø med erfarne og engasjerte kollegaer
  • Verdifull arbeidserfaring og godt dokumentert praksis
  • Målretta rettleiing i både det teoretiske og praktiske arbeidet
  • Gode forsikringsordningar
  • Vi kan hjelpe til å skaffe bustad
  • Du har forsikring heile døgnet
  • God pensjonsordning i Kommunal Landspensjonskasse

Ved opptak til ein lærlingplass vil kommunen legge stor vekt på personlege eigenskapar. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju. Søkjarar med ungdomsrett som har bestått VG1 og VG2 vil vere prioritert. Søkjarar som ikkje har bestått enkeltfag kan likevel verte vurdert.

Vi håpar du ønskjer å verte lærling i Bremanger kommune og ser fram til å få deg med på laget!

Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar. Politiattest av nyare dato vert krevd før start i stilling.

Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknader om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

Kontaktinformasjon

Gro Bakke Abildsnes, Kommunalsjef oppvekst, kultur og fritid, +47 97167462

Arbeidsstad

Postboks 104
6721 SVELGEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bremanger kommune

Referansenr.: 5082489597
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Søknadsfrist: 31.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Gro Bakke Abildsnes

Kommunalsjef oppvekst, kultur og fritid

+47 97167462

Om bedriften

Har du lyst til å bu tett på havet og naturen, i eit samfunn der det er godt å leve?

Bremanger kommune ligg ved kysten av Vestland fylke og har rundt 3.500 innbyggjarar. Her får alle barn gratis barnehageplass, og kommunen legg stor vekt på trygge og gode oppvekstvilkår. Kulturlivet og idrettsmiljøet er ope for både barn og vaksne, og naturen inviterer til eit aktivt friluftsliv, enten du er glad i fjellturar, sjøliv eller rolege stunder ute.

Grøn energi, industri, fiskeri og spektakulær natur er varemerket vårt. Vi er heimen til Grotlesanden, kystklippa Hornelen, Ålfotbreen og den legendariske Vetvika ut mot storhavet. 

Vi håpar du vil bli betre kjent med oss – les meir på www.bremanger.kommune.no og www.godebremanger.no!

 

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

83d51c24-365c-45aa-af8d-45ea3c2c9b47

Sist endret

19. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

810fd30ca61145ecbf26222c79c36146

Lignende annonser