Hopp til innhold

Ferievikarar i pleie og omsorg

Arbeidsgiver

Pleie- og omsorg, Valle kommune

Sted

Leitebakken 19, 4747 Valle

Om jobben

Stillingstittel
Ferievikarar i pleie og omsorg
Type ansettelse
Sesong, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 12. april

Ferievikarar 2026

Valle bygdheim, Open omsorg, Habilitering, Kjøkken og Vaskeri treng ferievikarar innan fylgjande stillingsgrupper: sjukepleiar, hjelpepleiar, helsefagarbeidar, omsorgsarbeidar, vaskeriassistent, pleieassistent, miljøarbeidar, kjøkkenassistent og heimehjelp. 

Søkjarar til pleie- og omsorgsarbeid må ha fylt 18 år. 

Sommarferien vert avvikla i tidsrommet medio juni til medio august. Ynskt stillingstype, avdeling, stillingsstorleik og arbeidsperiode må kome fram i søknaden. Søkjarar til open omsorg og habilitering må ha sertifikat for personbil. Dei som ynskjer arbeid som heimehjelp må disponere eigen bil. 

Vi tilset sommarvikarar fortløpande, og det vil bli sendt ut tilbod om vikarjobb før fristen er gått ut! 


Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene vil vere i samsvar med oppgåver som høyrer til avdelinga du vert tilsett i.

Kvalifikasjonar

  • Du må ha gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
  • Søkjarar til open omsorg og habilitering  må ha førarkort kl. B
  • Fordel med erfaring frå helse/omsorg
  • Politiattest må leggjast fram ved tilsetting

Personlege eigenskapar

  • Du er trygg, sjølvstendig og kan takle ein ansvarsfull jobb
  • Du er positiv, serviceinnstilt og har godt humør
  • Du samarbeidar godt med andre 
  • Du er fleksibel
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø med givande arbeidsoppgåver og engasjerte medarbeidarar
  • Løn iht. regulativ 
  • Køyregodtgjering ytes etter off. regulativ 
  • Løn tilsvarande 10 års ansiennitet med norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Det er gode lønsvilkår for sjukepleiarar under utdanning som vil ha sommarjobb i Valle
 

Viktig for søknaden din:

  • CV skrivast i Webcruiter
  • Vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter

Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn blir oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal pregast av mangfold.

Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.

 

Kontaktinformasjon

Solveig B Kyrvestad, Einingsleiar, 91247155, solveig.b.kyrvestad@valle.kommune.no

Arbeidsstad

Leitebakken 19
4747 Valle

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Valle kommune

Referansenr.: 5068938991
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Solveig B Kyrvestad

Einingsleiar

91247155

solveig.b.kyrvestad@valle.kommune.no

Om bedriften

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e1519132-f3e2-44be-9f1f-bbee21d22828

Sist endret

22. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

48d5182dcbad4f72af2d7beadaf5f294

Lignende annonser