Hopp til innhold

Lærar - fellesfag

Arbeidsgiver

Møre og Romsdal fylkeskommune, Herøy vgs [heroy]

Sted

Lisjebøvegen 4, 6091 Fosnavåg

Om jobben

Stillingstittel
Lærar - fellesfag
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 19. juli

Ved Herøy vidaregåande skule er det ledig fast 100 % stilling som fellesfaglærar med faga matematikk og naturfag frå 28.09.26.

Herøy vidaregåande skule er ein tradisjonsrik yrkesfagleg skule som utdannar yrkesutøvarar for regionen og nærmiljøet. Med kompetente og dyktige tilsette arbeider skulen for at elevane skal oppleve å lukkast i utdanninga. Vi er rundt 250 elevar og eit 60-tals tilsette fordelt på seks utdanningsprogram:
Bygg- og anleggsteknikk
Helse- og oppvekstfag
Naturbruk
Restaurant- og matfag
Teknologi- og industrifag

Skulen sin storleik gjer at vi har høve til å bli godt kjent med kvarandre i skulekvardagen. Det å kjenne seg trygge på kvarandre gir rom for ein tett relasjon mellom elev og lærar, noko vi veit er avgjerande for at skulen skal vere ein stad der læring skjer.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning i matematikk og naturfag.
  • Funksjon som kontaktlærar kan bli lagt til stillinga
  • Aktiv deltaking i fagleg og pedagogisk samarbeid
  • Kontakt og samarbeid med ulike samarbeidspartnarar.
  • I tillegg kan det også bli aktuelt med undervisning i andre fag, ut i frå kvalifikasjonane til den som vert tilsett.
  • Andre oppgåver kan verte lagt til stillinga ut i frå kompetansen til den som vert tilsette.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg som:

  • Har relevant høgare pedagogisk utdanning
  • Har undervisningskompetanse i matematikk og naturfag med minimum 60 stp i kvart av faga.
  • Er ein tydeleg klasseleiar
  • Har vilje og evne til fagleg og tverrfagleg samarbeid
  • God muntleg og skriftleg fremstillingsevne på norsk
  • Gode digitale ferdigheiter relevant for undervisning
  • Du må levere gyldig politiattest ved tilsetting.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer etter deg som har eit positivt elevsyn og som er ein tydeleg vaksen og ein god rollemodell.

  • Du må like å arbeide med ungdom.
  • Du har eit stort engasjement for faget ditt.
  • Du bidreg til elevane si faglege og sosiale utvikling.
  • Du har ein inkluderande veremåte.
  • Du er fleksibel og ser moglegheiter.
  • Du likar godt å samarbeide.
  • Du har gode ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elevar og andre du samarbeider med.
  • Personlege eigenskaper vert tillagt vekt i tilsettinga.

Vi tilbyr

  • Ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø.
  • Rettleiing for nytilsett pedagogisk personale.God tilgang til faglige nettverk og faglig utvikling.
  • Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring.
  • Løns- og arbeidsvilkår i høve lov- og avtaleverk.

Kontaktinformasjon

Tore Tangen, Rektor, +47 95933931

Arbeidsstad

Lisjebøvegen 4
6091 Fosnavåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5151408908
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.07.2026

Kontaktperson for stillingen

Tore Tangen

Rektor

+47 95933931

Om bedriften

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e0ded96c-f636-43d7-a990-e8c02b161033

Sist endret

3. juli 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

4cb65fbb73214da2a6810190fc52043d

Lignende annonser

Laster lignende annonser