Fast heiltidsmedarbeider på Cafe Rallaren
Flåmsbana AS
Myrdal Stasjon, 5718 Myrdal
Om jobben
- Stillingstittel
- Kafemedarbeider
- Oppstart
- Etter avtale
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus, dagtid og kveld, alle dager
- Arbeidsspråk
- Skandinavisk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest lørdag 28. februar
Send søknad til
Toget bremsar inn på Myrdal stasjon. Rundt deg ligg høgfjellet ope og rått, med vær og lys som skiftar gjennom dagen. Her, 867 meter over havet, møtes Bergensbanen og Flåmsbana, eit av Norges mest spektakulære knutepunkt.
Kvart år passerer rundt éin million reisande frå heile verda akkurat her. Dei er på veg mot fjordane, fjella og opplevingar dei har drøymt om lenge. Mange av dei stopper hjå deg. For ein kaffi. For litt varme. For eit pusterom på reisa.
Du står midt i det.
Dette er kvardagen på Cafe Rallaren på Myrdal.
Ei rolle med ansvar, friheit og tillit
Flåmsbana AS søker no ein fast heiltidsmedarbeider som vil være med å forme opplevinga av Cafe Rallaren, og som får eit utvida ansvar i den daglege drifta. Du fungerer som stedfortredar for avdelingsleiar ved behov og er ein viktig del av kvardagen i kafeen.
I praksis betyr det at du:
-
møter menneske frå heile verda med varme og nysgjerrigheit
-
skapar ro, flyt og god stemning, også når det er travelt
-
tek ansvar for heilheta, enten du jobbar åleine eller saman med andre
For deg som likar å ta eigarskap
Dette er ikkje jobben for deg som ventar på beskjed. Dette er jobben for deg som ser kva som må gjerast og tek tak på eige initiativ.
Kanskje liker du å bake når tida tillèt det. Kanskje er du god på visuelle detaljar, skilt eller formidling. Kanskje handlar det berre om måten du møter menneske på.
Det viktige er at du brukar dine styrkar der dei gir mening, og trivst med den friheit som føl med ansvar.
Kven vi trur du er
Du er trygg, moden og sjølvstendig. Du trivst med praktisk arbeid, også når det kjem til reinhald og fysisk innsats. Du er glad i menneske, god service og vertskap, og du liker å gjere det fint rundt deg.
Det er ein fordel om du har nokon års erfaring frå service, kafé eller liknande, men samtidig ikkje eit krav om du er rett person. Du må beherske eit skandinavisk språk og engelsk.
Hjå oss får du· Fast heiltidsstilling
· Stor tillit og handlingsrom
· Tett samarbeid med avdelingsleiar
· Ein unik arbeidsplass, midt i eit reisemål i verdsklasse
· Løn og andre vilkår etter avtale
· Oppstart etter nærmare avtale
Myrdal stasjon ligg ca 1 times togtur frå både Flåm og Voss. Det er naturleg at du bur i området rundt Flåm/Aurland eller Voss, og tek tog til og frå jobb.
Er dette noko som kan passe for deg, send søknad til jobbsoknad@flamsbana.no innan 28. februar 2026.
Om bedriften
Cafe Rallaren er Flåmsbana AS si eiga kafe på Myrdal stasjon. Kafeen har eit stort antal besøkande, mykje på grunn av dei 700-800 000 reisande som skal til eller frå Myrdal med Flåmsbana. Det er også mange sykkel- og turgåarar som besøker kafeen.
Flåmsbana AS er eit reiselivsselskap med ansvar for produktutvikling, sal og marknadsføring av Flåmsbana, ein av Noregs største og mest spektakulære turistattraksjonar. Flåmsbana AS er eigd av Norway's Best Group AS 50% og Vygruppen AS 50%. Selskapet har 15 fast tilsette og om lag 30 sesongarbeidarar.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
df544b10-f68a-4c7e-9fe7-81651c0bf1ca
- Sist endret
9. februar 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
df544b10-f68a-4c7e-9fe7-81651c0bf1ca
Lignende annonser
Kafemedarbeider
Arbeidsgiver
Flåmsbana AS
Sted
Myrdal
Kjøkkenassistent
Arbeidsgiver
Flåmsbrygga Hotell As
Sted
Flåm
Arbeidsgiver
Flåmsbrygga Hotell As
Sted
Flåm