Hopp til innhold

Miljøterapeut i Familieteamet 100% fast stilling

Arbeidsgiver

Vindafjord kommune Helse

Sted

Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Miljøterapeut
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Familieteamet i Vindafjord og Etne har ledig stilling som miljøterapeut!  

Har du eit engasjement for barn og unge? Er du oppteken av å hjelpe der hjelpa trengs? Er du god på menneskemøte og løysningsorientert?  

Familieteamet i Vindafjord jobbar forebyggande og endringsretta i høve barn, unge og deira familiar. Me har to mandat, lågterskel og etter vedtak frå barnevernet. Me eit tverrfagleg team som består av 8 familierettleiarar og 2 miljøterapeuter, fagleiar og avdelingsleiar. Alle jobbar både lågterskel og etter mandat frå barneverntenesta. Miljøterapeutane jobbar primært i heimen. 

Me søkjar ein miljøterapeut i 100% fast stilling til spanande endringsarbeid. Me søkjar deg som har eit ønskje om å hjelpa andre, og som kan bidra til å skapa eit positivt miljø for våre brukarar. Me ser etter deg som er ein lagspelar og har eit positivt menneskesyn. Du er trygg, tillitsvekkande og har god evne til å sjå løysingar. Du vil få moglegheit å strukturere din eigen dag og jobbe mykje sjølvstendig. Du vil møte menneske i både kriser og komplekse situasjonar. Det er naudsynt med gode kommunikasjonsferdigheter, samt evne til å handtere og tole konflikt og sterke kjensler.  

Arbeidsoppgåver: 

  • Endringsarbeid og rådgjeving til familiar i ulike livssituasjonar 

  • Oppfølging av kompenserande tiltak i familiane 

  • Gjennomføre individuell og gruppebasert praktisk oppfølging for brukarar som treng støtte 

  • Oppfølging av saker som inneber samtalar med born, foreldre og observere samspel ved heimebesøk 

  • Tverrfagleg samarbeidsmøter med ulike instansar  

  • Skriftleg dokumentasjon av prosessar, tiltak og vurderinger  

  • Tett kontakt med kontaktperson i barneverntenesta  

  • Arbeidet utførast i hovudsak på dagtid, men nokre timar ettermiddag/kveldsarbeid må påreknast vekentleg. Helgearbeid vil ikkje føregå på fast basis, men i enkelte saker kan det vera behov for at ein også må gje oppfølging i helg.  

Kvalifikasjoner:  

  • Treårig høgskuleutdanning, fortrinnsvis bachelor i barnevern eller sosionom. Andre utdanningar kan vurderast 

  • Erfaring frå arbeid med barn og familiar i barnevernstenesta vil vera ein fordel  

  • God formidlingsevne i norsk munnleg og skriftleg  

  • Førarkort klasse B

  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.  

  • Det må leggast fram politiattest  

Personlege eigenskapar:  

  • Trygg og tillitsvekkande 

  • Positiv og løysingsorientert 

  • Evne til å jobba effektivt og strukturere eigen arbeidsdag 

  • Evne til å jobbe sjølvstendig, men også vera ein del av eit fagleg team 

  • Evne til nytenking, kritisk refleksjon og opptatt av personleg fagleg utvikling 

  • Evne til å motivere for endring og å sjølv vera endrings- og utviklingsfokusert 

  • Evne til samarbeid med familiar, samarbeidspartnarar og kollegaer 

  • Ei god kollega og ei støtte for dine medarbeidarar 

  • Opptatt av eit positivt menneskesyn og brukarmedverknad 

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.  

Me kan tilby: 

  • Eit kollegafellesskap som består av engasjerte og fagleg sterke familierettleiarar og miljøterapeutar som er opptekne av å gjere ein forskjell for familiane me jobbar med og for å skape ein god arbeidsplass 

  • Tett oppfølging frå kollegaer i kvardagen og jamleg individuell rettleiing 

  • Ein fleksibel og variert arbeidskvardag, der ein får vera med å forma arbeidsdagane sjølv. Me har fleksitidsordning 

  • Kjekke ansattgoder som blant anna gratis parkering og rabatt på treningssenter 

  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon 

  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring 

  • Konkurransedyktig lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk 

 

Slik søkjar du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei tas med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka. 

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering. 


Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

Vindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund. Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle. Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

df3d467f-bb37-454a-b139-f968cd5c1fb0

Sist endret

9. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3584545_229843_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser