Hopp til innhold

Har du lyst å vera med oss å gjere ein forskjell for innbyggarane i Vindafjord det neste året ?

Arbeidsgiver

Vindafjord kommune Helse

Sted

Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Om jobben

Stillingstittel
Fysioterapeut 100 % vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 22. mars

Ein av våre dyktige tilsette skal ut i permisjon, og me treng difor ein ny fysioterapeut i teamet vårt frå 01.05.2026 til 31.08.2027. Stillinga er 100 % vikariat. Avdelinga tek seg av mange varierte arbeidsoppgåver. Me kjem til å ta deg med i samtale for å finne ut kva som er dine interesseområde, og kva du ynskjer å jobbe mest med. Me legg vekt på personlege eigenskapar og godt humør!

Høyres dette ut som en som en jobb du har lyst på? Søk då vel, så snakkas me kanskje !

Kva får du jobba med hos oss?
  • Fysioterapi for vaksne og born.
  • Oppfølging av pasientar på omsorgssentra, hovedsakeleg kortttidsavdelinga.
  • Heimevurderingar og behandling/ rehabilitering i heimen.
  • Kartlegging , observasjon, råd og veiledning til born i skulealder.
  • Frisklivssentral.
  • Gruppetrening.
  • Hjelpemiddelformidling.
  • Tverrfagleg samarbeid med både kommunale og private instansar.
Me kan tilby:
  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Kjekke ansattgoder som blant anna gratis parkering.
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Kvalifikasjonar:
  • Fortrinnsvis er du offentleg godkjent fysioterapeut, men også du som er ergoterapeut kan søke.
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.
  • Førarkort klasse B.
  • Erfaring frå kommunehelseteneste og arbeid med barn og unge er ein fordel, men ikkje et krav. 
Personlege eigenskapar:
  • Me ser etter deg som er engasjert i faget sitt.
  • Nytenkande og løysningsfokusert.
  • Likar å jobbe sjølstendig samtidig som du er ein lagspelar som bidrar positivt inn i teamet vårt.
  • Likar utfordringar.
  • Gode kommunikasjonsegenskapar.
  • God på å danna relasjonar med pasientar, kollegaer og samarbeidspartnarar.
Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Anne Beate Økland

Konstituert einingsleiar

+47 47650640

Anne.Beate.Okland@vindafjord.kommune.no

Om bedriften

Vindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund. Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle. Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

7cc82730-e1f1-468d-9d6e-10f5ed3beacf

Sist endret

3. mars 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3600647_229843_nn

Lignende annonser