Hopp til innhold

Vil du vere med å gi barn og unge i Bjørnafjorden ein god oppvekst?

Arbeidsgiver

Bjørnafjorden kommune Nore Neset ungdomsskule

Sted

Bjørnafjorden

Om jobben

Stillingstittel
Miljørettleiar - 78 % engasjement
Type ansettelse
Engasjement, deltid 78%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 30. august

Nore Neset ungdomsskule har frå snarast ledig stilling som miljørettleiar i 78 % stilling, skuleåret 2026 – 2027.

Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygt og inkluderande læringsmiljø og gode resultat. Du blir ein del av eit mangfaldig fagmiljø som arbeider målretta for at alle elevar skal oppleve eit trygt og godt skulemiljø. Satsingsområda våre er trygt og inkluderande skulemiljø og lesing i alle fag som grunnleggande ferdigheit.  

Vi søkjer ein trygg og engasjert miljørettleiar som ønskjer å vere tett på elevane og bidra aktivt i det førebyggjande arbeidet ved skulen.

Om arbeidsstaden
Nore Neset ungdomsskule ligg vakkert til ved Liafjellet i Hagavik. Skuleåret 2026-2027 har skulen 469 elevar. Verdigrunnlaget vårt bygger på tre fokusområde: "Meistring, tryggleik og anerkjenning". Forsking viser at elevane har størst utbyte av læringsarbeid saman med klassen, og vi organiserer opplæringa i basisfaga med å dela klassegrupper. Du kan lesa meir om Nore Neset ungdomsskule på nettsida vår: www.nnus.no 

Arbeidsoppgåver
Som miljørettleiar skal du mellom anna:
- bidra til eit trygt, inkluderande og godt psykososialt skulemiljø
- vere synleg og aktivt til stades saman med elevane i undervisninga, friminutta og andre delar av skuledagen
- følgje opp enkeltelever og elevgrupper med behov for støtte
- planleggje, gjennomføre og evaluere utviklingsstøttande tiltak
- arbeide førebyggjande på individ-, gruppe-, klasse- og skulenivå
- bidra i skulen sitt systematiske arbeid etter opplæringslova kapittel 12
- vere ein fagleg ressurs og rettleiar for kollegaer innan psykisk helse, livsmeistring og relasjonsarbeid
- samarbeide tett med elevar, føresette, tilsette og aktuelle hjelpeinstansar
- bidra aktivt i det tverrfaglege samarbeidet ved skulen
Arbeidsoppgåvene kan bli justerte ut frå behova til elevane og skulen.

Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som har:
- relevant treårig høgskule- eller universitetsutdanning innan helse- eller sosialfag, til dømes vernepleie, sosialt arbeid eller barnevern
- god relasjonskompetanse
- gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
- god digital kompetanse

Det er ønskjeleg at du har:
- erfaring frå psykososialt arbeid med barn og unge
- erfaring frå skule eller anna tverrfagleg arbeid rundt ungdom
- kunnskap om førebyggjande arbeid, psykisk helse og utfordrande åtferd
- kjennskap til opplæringslova kapittel 12 og skulen sitt samfunnsoppdrag
Nynorsk er administrasjonsmålforma i Bjørnafjorden kommune.

Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- er trygg, tydeleg og god til å byggje relasjonar
- møter elevane med varme, respekt og positive forventningar
- er roleg og løysingsorientert i krevjande situasjonar
- arbeider strukturert, systematisk og sjølvstendig
- samarbeider godt med kollegaer, føresette og eksterne instansar
- er fleksibel og kan tilpasse deg behova i skulekvardagen
- bidreg positivt til arbeidsmiljøet og har god forståing for skulen som organisasjon
Ved tilsetjinga vil vi leggje stor vekt på personlege eigenskapar og kor godt søkjaren er eigna for stillinga.

Vi tilbyr
- ein meiningsfull og variert arbeidskvardag tett på ungdom
- eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- samarbeid med engasjerte kollegaer og ulike faggrupper
- faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- løn etter gjeldande avtaleverk
- komprimert arbeidstid i 39 veker
Den som blir tilsett, må leggje fram tilfredsstillande politiattest før tilsetjing, jf. opplæringslova § 17-11.

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.

Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.

 

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Vivi Irene Fosse

Rektor

+47 917 27 724

vifo@bjornafjorden.kommune.no

Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

dd056c00-5f31-4869-903c-c55210531874

Sist endret

14. august 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3653519_207797_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser