Hopp til innhold

Miljørettleiar og/eller fagarbeidar

Arbeidsgiver

Voss herad Voss ungdomsskule

Sted

Olavsvegen 5, 5700 Voss

Om jobben

Stillingstittel
Miljørettleiar og/eller fagarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 25. oktober

Voss herad søkjer miljørettleiar/fagarbeidar med eit stort hjarte for barn og unge. Me legg vekt på at elevane skal møta engasjerte, kompetente og trygge vaksne som kan gje elevane i Voss herad ein god ballast for vegen vidare. 
Me ser etter deg som ynskjer å arbeida aktivt for å fremja livsmeistring og medborgarskap i skulen vår. Me har lærande nettverk på fleire nivå for å vidareutvikla vossaskulen og skapa ein felles praksis. Skulane arbeider ut frå prinsippa om ein lærande organisasjon.

Me tilbyr:

  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • ein god arbeidsplass med dyktige kollegaer
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø 
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår 

Kvalifikasjonar:

  • fagarbeidar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller miljørettleiar med utdanning innen sosialt arbeid, vernepleie, pedagogikk eller annen relevant høgskuleutdanning
  • anna relevant utdanning/arbeidserfaring kan bli vurdert
  • gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner du vil ha med deg, finn gode argument for kvifor de skal flytta hit på Hardanger og Voss kallar. Her ligg det ledige stillingar i regionen.

Me ynskjer deg som:

  • har praktisk kompetanse innan til dømes bygg, køyretøy eller maskin 
  • er god på samarbeid og kan byggja relasjonar 
  • er fleksibel og ynskjer å ta ansvar
  • er ein positiv pådrivar i endringsarbeid for utvikling av tenestene
Arbeidsoppgåver: 
  • Bidra i arbeidet med elevar som har alternative opplæringsarenaer
  • Relasjonbygging
  • Bidra til å oppretthalda og utvikla eit trygt og godt skulemiljø, både i undervisningstid og i friminutta
  • Samarbeida med pedagogisk personale og andre fagarbeidarar/ miljørettleiarar om undervisningsopplegg som skulen og lærarar har utarbeidd for elevane
  • Hjelpa til med daglege gjeremål, oppmuntra, snakka med, rettleia, støtta og motivera elevane
  • Hjelpa elevar med funksjonshemming og lærevanskar slik at skulekvardagen i klasserom, symjing, kroppsøving, garderobe og friminutt blir best mogleg
  • Vera ein omsorgsfull rollemodell
Om arbeidsstaden

 Voss ungdomsskule - Voss herad

Kvifor velja Voss herad?

Om du har gullmedalje frå OL eller helst ser sport på TV, er du ein av oss. Om du diggar smalahove eller er vegetarianar, er du ein av oss. Om du hoppar i fallskjerm eller går tur på flatmark, er du ein av oss. Vossingane er stolte, av seg sjølve, av bygda, av maten og kulturen. Vil du verta ein av oss, skal me ta godt vare på deg. Her får du lov til å lukkast. Me garanterer at du finn noko å driva med, også når du har fri. Og treng du andre impulsar, er vegen kort til både Bergen og fjorden. No kan du verta ein del av laget, me treng deg. 

Søknad
Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing.

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. 
I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ver venleg og last opp vitnemål og attestar til søknaden

 
Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Kåre Grevle

+47 90948406

kare.grevle@voss.herad.no

Om bedriften

Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad. Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

af52f762-19ea-4fd9-a2f0-0561b7dd02aa

Sist endret

7. oktober 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3666459_212971_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser