Hopp til innhold

Miljørettleiar vikariat

Arbeidsgiver

Voss herad Integreringstenesta

Sted

TvildemoenMagasinvegen 35, 5700 Voss

Om jobben

Stillingstittel
Miljørettleiar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 19. oktober

Integreringstenesta har ledig vikarat - miljørettleiar - 1 stilling, 100 %, med oppstart snarast mogleg. Varigheit 1 år med moglegheit til forlenging

Om arbeidsstaden
Voss herad skal etter avtale med IMDi busetje flyktningar, men me buset og flyktningar frå ulike konfliktområde. 

Om avdelinga
Stillinga er i Integreringstenesta vår, som held til i Knutepunktet. I Integreringstenesta blir du del av eit fagleg sterkt miljø, med integreringsrådgjevarar, miljøterapeutar og miljøarbeidarar. Tenesta har ansvar for planlegging og gjennomføring av busetting i tråd med heradet sine vedtak, og oppfølging av busette flyktningar dei første åra dei bur på Voss. Ein viktig del av dette er oppfølging av deltakarar i introduksjonsprogram.

Tidsrom:
  • Frå snarast
  • Arbeidsoppgåver:

    Hovudoppgåvene i stillinga er knytte til busetting og oppfølging av flyktningar, med særleg vekt på miljøterapeutisk arbeid, busetting, rettleiing og deltaking i kurs.

    Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:

    • miljøterapeutisk oppfølging, rettleiing og praktisk bistand til busette flyktningar
    • deltaking i og gjennomføring av tenesta sine kurs og rettleiingstilbod for busette flyktningar
    • samarbeid med aktuelle tenester og andre samarbeidspartnara
    • Stillinga kan og innebere andre oppgåver innanfor tenesta sitt ansvarsområde, ut frå behovet i avdelinga. Dette kan mellom anna vere rådgjeving og sakshandsaming etter gjeldande lovverk og lokale vedtak.

    Kvalifikasjonar:
    • Relevant høgskuleutdanning, til dømes som vernepleiar, sosionom, barnevernspedagog, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning e.l.
    • Anna relevant fagbakgrunn kan også bli vurdert, og relevant erfaring kan erstatte utdanningskravet. 

    Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner du vil ha med deg, finn gode argument for kvifor de skal flytta hit på Hardanger og Voss kallar. Her ligg det ledige stillingar i regionen.

    Me ynskjer:
    • Du er tydeleg og trygg på deg sjølv, og er ikkje redd for å vere tydeleg i kommunikasjonen med andre
    • Du trivst med teamarbeidog sjølvstendig arbeide 
    • Du er fleksibel og god til å knyte relasjonar
    • Du har førarkort for personbil 
    Me tilbyr:
    • Gode vilkår for fagleg utvikling i eit aktivt og godt miljø, både sosialt og fagleg
    • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
    • Tenlege lokalar i Knutepunktet, sentralt på Voss
    • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
    • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

     

    Kvifor velja Voss herad?

    Om du har gullmedalje frå OL eller helst ser sport på TV, er du ein av oss. Om du diggar smalahove eller er vegetarianar, er du ein av oss. Om du hoppar i fallskjerm eller går tur på flatmark, er du ein av oss. Vossingane er stolte, av seg sjølve, av bygda, av maten og kulturen. Vil du verta ein av oss, skal me ta godt vare på deg. Her får du lov til å lukkast. Me garanterer at du finn noko å driva med, også når du har fri. Og treng du andre impulsar, er vegen kort til både Bergen og fjorden. No kan du verta ein del av laget, me treng deg.

    Søknad 

    Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

    Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

     


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Martine Kilen Samdal

    +47 95262016

    martine.k.samdal@voss.herad.no

    Om bedriften

    Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad. Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    d6718c68-42fa-40cc-bc5f-be35accac8bf

    Sist endret

    6. oktober 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3663181_212999_nn

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser