Pedagogisk leiar
Voss herad Klausabakken barnehage
Sverresbakken 10, 5704 Voss
Om jobben
- Stillingstittel
- Vikariat pedagogisk leiar
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 24. november
Får du energi av barnelatter, gode relasjonar og dagar som aldri er heilt like?
Er du typen som likar å vera ute i all slags ver, kan syngja ein barnesong utan å blunka, og veit at den beste kjensla er å sjå barn meistra noko for aller fyrste gong?
Ler du (litt) når du eigentleg skulle vore alvorleg, elskar at jobben gjev deg hundrevis av magiske augeblikk, og er den trygge vaksne som gjer ein forskjell kvar dag?
Me har ledig vikariat 100%, som pedagogisk leiar. Tilsetting etter avtale , eller så snart som mogeleg.
- Gode vilkår for fagleg utvikling
- I Voss herad arbeider det mange forskjellige folk, og du vil garantert finne nokon du likar
- Du får lønn den 12. kvar månad og pensjonen din tek me oss av
- Pedagogisk leiar får kr 40 000 i tillegg ved 100 % stilling
- Bachelor i barnehagelærer
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner du vil ha med deg, finn gode argument for kvifor de skal flytta hit på Hardanger og Voss kallar. Her ligg det ledige stillingar i regionen.
Som pedagogisk leiar hos oss skal du
- leia og utvikla det pedagogiske arbeidet
- skapa eit trygt og godt leike- og læringsmiljø
- leia og inspirera medarbeidarane
- bidra til godt samarbeid og utvikling
Me ser etter deg som er varm, trygg og tydeleg, tek ansvar og får andre med deg. Du har eit positivt barnesyn, er ein god lagspelar og trivst både inne og ute.
Engasjement og personlege eigenskapar veg tungt.
Les meir om Klausabakken barnehage her : Klausabakken barnehage - Voss herad
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7951c3b3-e2f9-4446-9238-08b1e90df61a
- Sist endret
10. november 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3673935_212637_nn