Vil du vera med og forma Granvin barnehage?
Voss herad Tueteigen barnehage
5736 Granvin
Om jobben
- Stillingstittel
- Me har ledig 100 % fast stilling som pedagogisk leiar.
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 11. november
Får du energi av barnelatter, gode relasjonar og dagar som aldri er heilt like? Er du typen som likar å vera ute i all slags vêr, kan syngja ein barnesong utan å blunka, og veit at noko av det beste som finst er å sjå eit barn meistra noko for aller fyrste gong? Ler du litt når du eigentleg skulle vore alvorleg, set pris på dei små og store augeblikka i kvardagen og ønskjer å vera den trygge vaksne som gjer ein forskjell?
Då kan det vera akkurat deg me ser etter!Granvin barnehage har ledig 100 % fast stilling som pedagogisk leiar.
I august 2026 flytta me inn i ein heilt ny og moderne barnehage i Granvin. No ser me etter ein trygg, engasjert og fagleg sterk pedagogisk leiar som vil vera med og setja retning vidare.
Hjå oss får du ikkje berre ansvar for ei avdeling. Du får høve til å påverka, utvikla og vera med og byggja kulturen i ein ny barnehage.
Me ønskjer ein barnehage der borna møter varme og tilgjengelege vaksne, får mykje tid til leik og opplever vennskap, meistring og glede. Naturen og nærmiljøet er ein viktig del av kvardagen vår, både inne og ute.
- bachelor som barnehagelærar
- gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- gyldig politiattest må leggjast fram før oppstart
- leia og utvikla det pedagogiske arbeidet
- skapa eit trygt og godt leike- og læringsmiljø
- leia og inspirera medarbeidarane
- bidra til godt samarbeid og utvikling
Me ser etter deg som er varm, trygg og tydeleg, tek ansvar og får andre med deg. Du har eit positivt barnesyn, er ein god lagspelar og trivst både inne og ute.
Engasjement og personlege eigenskapar veg tungt.
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner du vil ha med deg, finn gode argument for kvifor de skal flytta hit på Hardanger og Voss kallar. Her ligg det ledige stillingar i regionen.
Me tilbyr:- Hjå oss skal du få tid til å vera ny. Her vil du vil du få fadder ved oppstart og vera ein del av eit nytilsettnettverk gjennom 2 år
- Gode vilkår for fagleg utvikling
- I Voss herad arbeider det mange forskjellige folk, og du vil garantert finne nokon du likar
- Du får lønn den 12. kvar månad og pensjonen din tek me oss av
- 100 % stilling
- Rekrutteringstillegg kr 20 000 for barnehagelærar i 100% faste stilling ved fyrstegongs tilsetting i Voss herad.
- Årskort på ski ved Voss Resort, Myrkdalen eller Voss ski- og tursenter, eller eventuelt årskort i Vossabadet ved fyrstegongs tilsetjing i Voss herad
- Pedagogisk leiar får kr 40 000 i tillegg ved 100 % stilling
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Kvifor velja Voss herad?
Om du har gullmedalje frå OL eller helst ser sport på TV, er du ein av oss. Om du diggar smalahove eller er vegetarianar, er du ein av oss. Om du hoppar i fallskjerm eller går tur på flatmark, er du ein av oss.
Vossingane er stolte av bygda, maten, kulturen og alt me har rundt oss. Vil du verta ein av oss, skal me ta godt vare på deg. Her får du lov til å lukkast.
Me garanterer at du finn noko å driva med når du har fri òg, og treng du andre impulsar, er vegen kort til både Bergen og fjorden.
No kan du verta ein del av laget. Me treng deg
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Evelyn Henriksen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
15bfe828-8e54-4fee-ac3c-74c9c942e13b
- Sist endret
14. oktober 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3665729_212657_nn