Hopp til innhold

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Arbeidsgiver

Bjørnafjorden kommune Nore Neset ungdomsskule

Sted

Bjørnafjorden

Om jobben

Stillingstittel
Lærar i 100 % vikariat for skuleåret 2026-2027
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 21. oktober

Nore Neset ungdomsskule har ledig eit 100 % lærarvikariat for skuleåret 2026-2027, med tilsetjing frå snarast.

I Bjørnafjorden kommune er vi opptekne av å skapa trygge og gode skulemiljø som gir elevane gode føresetnader for læring, meistring og trivsel. Vi satser også på å utvikla sterke rammer for lesing gjennom heile opplæringsløpet. Vi søkjer deg som ønskjer å bidra til eit inkluderande læringsfellesskap, fagleg utvikling og gode resultat for elevane. Du blir ein del av eit mangfaldig fagmiljø som arbeider målretta for læring, trivsel og meistring for alle elevar.

Om arbeidsstaden
Nore Neset ungdomsskule ligg vakkert til ved Liafjellet i Hagavik. Skuleåret 2026-2027 har skulen 467 elevar og om lag 65 tilsette. Vi held til i eit flott skulebygg frå 2014 og har eit topp moderne idrettsanlegg like ved. Du kan lesa meir om Nore Neset ungdomsskule på nettsida vår: www.nnus.no 

Arbeidsoppgåver
- Ordinær undervisning i klasse eller gruppe
- Individuell tilrettelagt opplæring kan vere aktuelt
- Bidra i skulen sitt systematiske arbeid for eit trygt, inkluderande og godt psykososialt skulemiljø etter opplæringslova kapittel 12
Skulen har behov for kompetanse innan: fransk, kunst og handverk, musikk, kroppsøving, matematikk, naturfag og engelsk. Søkjarar med undervisningskompetanse i andre fag vil likevel bli vurderte i høve til personlege eigenskapar og skulen sine behov.

Vi ser etter medarbeidarar som:
- er ein tydeleg og engasjert klasseleiar og rollemodell
- er aktiv i pedagogisk utviklingsarbeid
- er framtidsretta innan digital undervisning
- er fleksibel og har evne til å finne gode løysingar
- har gode evner til samarbeid og til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollegaer
- arbeider strukturert, systematisk og sjølvstendig
- er fleksibel og kan tilpasse seg behova i skulekvardagen
- bidreg positivt til arbeidsmiljøet og har god forståing for skulen som organisasjon
Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju.

Kvalifikasjonar
- Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet. Utanlandsk utdanning må vere godkjent frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.

Vi tilbyr: 
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

For undervisningsstillinger kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens pensjonskasse.

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med nann, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Vivi Irene Fosse

Rektor

+47 917 27 724

vifo@bjornafjorden.kommune.no

Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9215d32c-fa60-4db9-8933-f6f38d9e190d

Sist endret

7. oktober 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3668345_207797_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser