Spesialsjukepleiar med relevant erfaring innan lungesjukepleie
Drift- /teknisk divisjon/ MTA BHM Seksjon for kliniske fag, Helse Bergen HF
Solheimsgaten 13, 5058 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Spesialsjukepleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 18. januar
Vi søker etter ein spesialsjukepleiar med relevant erfaring innan lungesjukepleie til 100% fast stilling ved Eining for Behandlingshjelpemiddel (BHM).
BHM har ansvar for utlån og forvaltning av medisinsk-teknisk utstyr og tilhøyrande forbruksmateriell til pasientar som blir utskrevne med spesialisert heimebehandling. Eininga er organisert med to seksjonar; Seksjon for kliniske fag og Seksjon for logistikk og verkstad. Vi arbeider i nært samarbeid og rapporterer som ei felles eining - BHM. Eininga har 38 tilsette totalt og omfattar både sjukepleiarar, merkantilt personell, ingeniørar, lagermedarbeidarar, sjåførar, assistentar og stab. Vi samarbeider for å finne dei gode løysingane for våre pasientar og for å sikre ei effektiv drift.
Vi arbeider mot heimebuande pasientar og deira interessentar, noko som gjer det viktig å ha forståing av heilskapleg behandling. Vi kommuniserer både direkte og indirekte med pasientar og deira nettverk/støtteapparat, og vi har ein glidande overgang frå dei kliniske avdelingane med høve for poliklinisk oppfølging hos oss. Vi tilbyr i tillegg våre pasientar ein heilskapleg teneste i form av vår bandasjistverksemd.
Arbeidsoppgåvane knytt til stillinga vil i hovudsak vere retta mot pasientar med respirasjonsutfordringar. I tillegg betener seksjonen pasientar innanfor fagområda diabetes og ernæring/dialyse/ smerte og dei tilsette må kunne arbeida på tvers av fagområda ved behov. Vi treng deg som har kunnskap om og erfaring med ulikt medisinsk-teknisk utstyr som blir nytta i heimebehandling innanfor angitte fagområde. Du må vere fagleg sterk og evne å halde kunnskapen din oppdatert, i tråd med gjeldande avtalar og utviklinga av vår teneste. Vi har fortløpande samarbeid med aktuelle kliniske avdelingar i sjukehuset. Fokus på heimebehandling er aukande og vår teneste mot heimebuande pasientar utviklar seg raskt, så dette eit høve til å arbeida i ein spennande satningsområde!
Arbeidsoppgåver:
- handtere pasientførespurnader via telefon og HelseNorge
- behandle tilvisingar og sette i verk tiltak
- gjennomføre poliklinisk opplæring/undervisning i ulike behandlingshjelpemiddel ved behov
- ivareta datasystema våre knytta til utlevering av utstyr og forbruksmateriell
- ivareta tett dialog med avdelingar/klinikkar i sjukehuset og i førstelinjetenesta
- kvalitetssikre ein heilskapleg teneste frå oss
- arbeide i tråd med gjeldande nasjonale avtalar, føresegn om medisinsk utstyr og anna relevant lovverk
Du må:
- ha norsk autorisasjon som sjukepleiar
- ha vidareutanning med spesialkompetanse innanfor relevant fagområde
- ha kunnskap om og erfaring med ulikt medisinsk-teknisk utstyr som blir nytta i heimebehandling innanfor angitte fagområde
- ha gode datakunnskapar og raskt kunne tileigne deg nødvendig kompetanse innanfor dei ulike systema som vi nyttar
- ha erfaring med arbeid i DIPS
- ha førarkort kl B
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare. Dokumentasjon må leggast ved søknad
Vi trenger deg som:
- har god fagleg vurderingsevne og er allsidig i kunnskapen din
- yter god service til alle våre interessentar
- evnar å prioritere i ein travel arbeidskvardag
- er målretta, konkret og strukturert i arbeidet ditt
- kan arbeide sjølvstendig, i team og tverrfagleg
- er positiv, har godt humør og medverkar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr:
- lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- fleksitid med kjernetid
- dagarbeid med fri i helgar
- godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
- snarleg tiltreding
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Irene Morild, Seksjonsleiar, 55977982, irene.morild@helse-bergen.noCamilla Flindt, Einingsleiar, 55373896
Arbeidsstad
Solheimsgaten 135058 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5057844401
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.01.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Camilla Flindt
Einingsleiar
55373896
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
dc5fe323-d535-437a-ab97-62555a019cdc
- Sist endret
6. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
002049f58ca644c4a9dc7bf8e054379f
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Drift- /teknisk divisjon/ Behandlingshjelpemiddel, Helse Bergen HF
Sted
Bergen
Sykepleier til Årstad helsetjenesteteam - vikariat
Arbeidsgiver
Hjemmebaserte tjenester i Årstad, Bergen kommune
Sted
Bergen
Intensivsjukepleiar
Arbeidsgiver
Kirurgisk serviceklinikk/ Thoraxkirurgisk intensiv og oppvakingsseksjon (TIO), Helse Bergen HF
Sted
Bergen