Hopp til innhold

Sjukepleiar til faste stillingar ved somatiske avdelingar

Arbeidsgiver

Helse Bergen HF

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar til faste stillingar ved somatiske avdelingar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
10
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 15. mars

Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar som ønsker å jobbe ved somatiske einingar

Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa. 

Vi har ledig faste stillingar ved desse avdelingane:

 

Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjukepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke.


Arbeidsoppgåver

Hud- og revmatologisk sengepost er ein spennande og variert arbeidsplass der du får anledning til å utvikle brei kompetanse innan både hud- og revmatologiske sjukdommar. Vi har ansvar for behandling, oppfølging og rehabilitering av pasientar med komplekse og samansette lidingar, og er den einaste sengeposten for hudpasientar på Vestlandet. I tillegg har vi regionalt ansvar for revmatologisk behandling i Hordaland. Hos oss møter du pasientar med ulike behov – frå akutte innleggingar til planlagde behandlingsforløp. Vi legg stor vekt på heilskapleg pleie, førebygging og opplæring av både pasientar og pårørande.
Arbeidet vårt er prega av tverrfagleg samarbeid, høg fagleg standard og eit sterkt fokus på kvalitet og pasientsikkerheit. Sengeposten disponerer 15 sengeplassar på vekedagar og 10 i helgane, og vi held til i moderne lokale i Hudbygget på Haukelandsområdet. Hos oss har vi tredelt turnus med moglegheit for langvakter kvar 4. helg.
Kontakt: Trude Gildestad tlf. 55974037.

Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering (AFMR) Post 1 har ledig 100% fast stilling i 3-delt turnus og arbeid 3. kvar helg. ReHabiliteringsklinikken held til på Nordås, i nærleiken til Lagunen Storsenter. Her greier vi ut og behandlar menneske med medfødde og erverva skadar og sjukdom. Vi har to sengepostar med totalt 33 døgnplassar, her får du arbeide med komplekse medisinske problemstillingar, og spesialisert rehabilitering. 
Kontakt: Lisbeth Sparre, Tlf 55918484.

Kvalifikasjonar (overskrift)

Lungeavdelinga, post 1 – eit kraftsenter innan lungemedisin
Lunge post 1 er mellom dei største og mest avanserte lungemedisinske einingane i landet. Vi står i front innan pasientbehandling, utdanning og forsking, og er stolte av å vere ein leiande aktør på nasjonalt nivå. Her kombinerer vi sengepost med respiratorisk overvaking (ROE), og tilbyr høgspesialisert behandling til pasientar med komplekse behov.
Av våre 16 senger er inntil 8 dedikert til pasientar som treng tettare respiratorisk oppfølging med respiratorisk støtte, som BiPAP eller respirator. Vi tar imot pasientar med alvorleg kols, respirasjonssvikt og lungebetennelse – og gir dei trygg, kompetent og omsorgsfull behandling i eit miljø prega av fagleg styrke og kontinuerleg utvikling.
Kontakt: Lillian Hopland, tlf. 55973552.

Lungeavdelinga, post 3 - har som mål å gi god behandling og omsorg som bygger på ny forsking innan lungesjukdommar, pusteproblem eller respirasjonssvikt på grunn av sjukdommar i andre organ. Lunge post 3 behandlar oftast pasientar med lungekreft, infeksjonar og obstruktive lungesjukdommar. Vi kan tilby eit spennande fagmiljø med bratt læringskurve, gode kollegaer og god opplæring.
Kontakt: Sandra Strømmen Hansen, tlf. 55973533.

Gastrokirurgisk avdeling, post 1 er ein spennande gastrokirurgisk sengepost med 40 senger. Vi behandlar både elektive og akutte pasientar med sjukdommar i heile mage- og tarmsystemet. Vi har også palliative pasientar. Her blir du god på pre- og postoperativ oppfølging av kirurgiske pasientar. Som sjukepleiar får du utført mange spennande prosedyrar, og blir god på teknisk sjukepleie. Vi har fokus på fagkunnskap, innovative løysingar og forbetringsarbeid. 
Kontakt: Anette Haatuft Haugland, tlf. 55973408.

Ortopedisk avdeling består av 4 sengepostar som er inndelt etter fagområde. Ortopedisk infeksjonspost, Ryggseksjonen (OT vest) og Proteseseksjonen (OT syd) har no ledige stillingar. Hos oss har vi fokus på godt arbeidsmiljø og gode utviklingsmoglegheiter. Ønsker du å jobbe med eit breitt spekter av ulike pasientgrupper? Ønsker du å jobbe i et hektisk, men supertriveleg arbeidsmiljø? Søk på OT da! 
Kontakt: Ingrid Merete Hjelle, Tlf. 55973710.

Medisinsk Overvakingseining (MOE) – post 6 
er ein av to infeksjonspostar på sjukehuset og er akuttpost der vi behandlar mellom anna inntil 10 pasientar med alvorlege medisinske tilstandar som blodforgifting, hjernehinnebetennelse, respirasjons- og sirkulasjonsforstyrringar. Vi behandlar også ulike infeksjonar som diaré, sår, tropesjukdommar, immunsvikt, influensa og infeksjon på hjarteklaffar. Sengene våre er fordelt på fire einerom, eit tomannsrom og fire sengar på ei overvakingsstove. Vi har og to luftsmitteisolat. Pasientromma våre har slusesystem, som gjer at dei fleste romma kan bli brukt som isolat.
Kontakt: Hilde M. Dale, Tlf. 90500928.

Hovud-hals og auge sengepost har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar. Likar du ein spennande, variert og lærerik kvardag? Avdelinga vår har fleire kirurgiske fagfelt og stipendordning for kreftsjukepleie. Det er stor variasjon av sjukepleieprosedyrar og arbeidsoppgåver. Det er svært høg trivsel i avdelinga med eit godt og trygt arbeidsmiljø og teamarbeid. Vi har fadderordning for nye sjukepleiarar, ønsketurnus og moglegheit for langvakter. Ta kontakt om du ønsker ein omvising i avdelinga eller har spørsmål.
Kontakt: Kjersti Walde, tlf. 55973502 eller Natallia Pashkouskaya, tlf. 55973515.

Hjarteavdelinga, post 1s2v er ein stor hjartemedisinsk sengepost med 42 senger og ca 100 tilsette. Posten handterer både pasientar som treng hjelp straks og elektive pasientar. Vi har både lokal- og regionalfunksjon. Hovudgrupper av pasientar vi behandlar er pasientar med hjarteinfarkt og UAP, hjartesvikt, hjarterytmeforstyrringar og andre hjartemedisinske tilstandar som t.d. myokardit og perikarditt. 
Kontakt: Beate Solheim Hansen Tlf 55972202.

Nevrokirugisk avdeling søker sjukepleiar som trivst med eit høgt arbeidstempo, med god fagleg sjukepleie til pasientar i alle aldrar. Vi utgreiar og behandlar vaksne og barn som treng kirurgisk behandling for skadar og sjukdommar i hjerne, nakke og rygg. Avdelinga har og landsfunksjon for stråleknivbehandling og behandling av vestibularisschwannom. Nevrokirurgisk avdeling har 25 senger inkludert ei overvakingseining på 9 senger. Vi har eit spennande, utfordrande og triveleg arbeidsmiljø. Vi satsar på fagutvikling og har mellom anna innarbeidd fagutviklingstimar i vår årsturnus. Vi legg stor vekt på kontinuitet i behandlinga av pasientane våre, og eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette. 
Kontakt: Åse Humberset, tlf. 55975662.

Du må:
  • Du har eller får norsk autorisasjon innan sommaren 2026
  • Vere eigna til å jobbe med pasientgruppa
  • Erfaring frå helse- og omsorg er eit pluss, men ikkje eit krav
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare
  • For nokre avdelingar er det krav om tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr helsepersonelloven § 20a og politiregisterloven § 39 første ledd
Vi tilbyr:
  • Eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Gode utviklingsmoglegheiter – både fagleg og personleg
  • Lønn etter gjeldande avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Tilgang til vårt idrettslag – HSI – med mange aktivitetar og eit sosialt fellesskap

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Sjå kontaktperson, oppgitt for dei enkelte stillingane

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5086463389
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Sjå kontaktperson

oppgitt for dei enkelte stillingane

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

7e2ebac3-4679-4c13-b0c8-8a792ba1f770

Sist endret

2. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

8eef4af14f98418a89d2d25d4fa8df43

Lignende annonser