Hopp til innhold

Spesialsjukepleiar til 100% fast stilling med langvakter

Arbeidsgiver

Psykiatrisk klinikk/ Kompleks rehabilitering Sandviken -KRS, Helse Bergen HF

Sted

Hatleveien 7D, 5038 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Spesialsjukepleiar til 100% fast stilling med langvakter, hos Kompleks rehabilitering Sandviken
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, lørdag og søndag
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest torsdag 26. mars

Er du ein omsorgsperson som trivst med varierte oppgåver og tett kontakt med pasientar? Har du engasjement for menneske med komplekse behov og ønsker å bidra til auka meistring og livskvalitet?Kompleks rehabilitering Sandviken (KRS) har ledig ei 100 % stilling for spesialsjukepleiar. Turnusen har langvakter på 12,5 time med arbeid kvar fjerde helg.

KRS er organisert under Avdeling for spesialisert psykosebehandling (ASP) i Psykiatrisk klinikk, og er ein lukka seksjon med 8 døgnplassar som gir eit tilbod til to ulike pasientgrupper. Seks av plassane er for personar med psykoselidingar med kompliserande tilstandar, som til dømes ruslidingar eller personlegdomsforstyrringar, medan to plassar er for personar som har ein kombinasjon av psykose og psykisk utviklingshemming eller utviklingsforstyrring.

Seksjonen er ein del av det som i framtida skal inngå i Nye Sandviken, eit område under utvikling med mål om å tilby heilskaplege og langsiktige behandlingstilbod til pasientar med samansette behov.

Arbeidet i seksjonen er tverrfagleg, og teamet består mellom anna av psykiater, psykolog, sosionom, sjukepleiar, vernepleiar og helsefagarbeidar. Hovudfokuset er å byggje relasjonar som støttar ei trygg overgang til bustad, i samarbeid med innsøkjande instansar og kommunale tenester. Miljøterapien inkluderer systematisk kartlegging og utvikling av ADL-ferdigheiter (aktivitetar i dagleglivet), stimulering av interesser og bruk av sanserom for kjensleregulering. Som ein del av behandlingstilbodet tilbyr vi også musikkterapi, fysioterapeut og har treningsfasilitetar som gymsal, treningsrom og treningspoliklinikk. Dette gir eit heilskapleg rehabiliteringstilbod, der både psykisk og fysisk helse står sentralt i behandlinga.


Arbeidsoppgåver

  • Miljøterapeutisk arbeid/postmiljø
  • Teamarbeid 
  • Observere og dokumentere symptom på psykisk liding
  • Ansvarsvakt
  • Administrere medisinsk behandling
  • Bidra til å skape ei trygg postatmosfære med omsorg, støtte, struktur og gode grenser for kvar enkelt pasient
  • Praktiske oppgåver
  • Oppfølging av pasientar med fokus på aktivisering og daglege gjeremål

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar med relevant vidareutdanning innan psykisk helsearbeid
  • Relevant erfaring med pasientgruppa
  • Må meistre norsk munnleg og skriftleg særs godt
  • Ved tiltredning må gyldig politiattest leggast fram    

Personlege eigenskapar

  • Løysingsorientert, sjølvstendig og målretta
  • Strukturert
  • Pasientorientert
  • Ha respekt for kvar enkelt pasient og pårørande
  • Ha evne til å arbeide tverrfagleg og i team
  • Trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Etterspør rettleiing           

Vi tilbyr

  • Å delta i eit spennande og fagleg miljø, der folk trivast på jobb
  • Fadderordning
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Silje Madeleine Hop, Seksjonsleiar, 55958630
Lena Thomsen Bruåsdal, Ass. seksjonsleiar, 55958878

Arbeidsstad

Hatleveien 7D
5038 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5087686141
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.03.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Lena Thomsen Bruåsdal

Ass. seksjonsleiar

55958878

Silje Madeleine Hop

Seksjonsleiar

55958630

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

1b8f5c9f-827b-4a35-bcad-2d208e647004

Sist endret

6. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

5f7cc99311984808ac68ed65d47555e9

Lignende annonser