Sjukepleiar - natt
Tysnes kommune
Tysnes omsorgssenter, 5685 Uggdal
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar natt
- Type ansettelse
- Fast, deltid 66%
- Arbeidstid
- Turnus, natt
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 18. desember
Er du på jakt etter ei nattstilling?
Tysnes omsorgssenter søker ein engasjert og omsorgsfull sjukepleiar til fast 66 % nattstilling. Omsorgssenteret består av 30 institusjonsplassar, plassar til korttids- og rehabiliteringsopphald og dagsenter for personar med demens. Me har óg ein KAD-plass der det vert gitt tilbod om augeblikkeleg hjelp som alternativ til innlegging på sjukehus.
Me held til i eit moderne og triveleg bygg, med gode teknologiske løysingar som gjer deg meir tid til fag og pasient. Me er oppteken av personsentrert omsorg, godt samarbeid med frivillige, barnehage og skule. Me er oppteken av å halda oss oppdatert og velferdsteknologi er eit av hjelpemidlane som gjev oss meir kvalitetstid med bebuarane.
Heimetenesta er lokalisert i samme bygg, og me har eit tett samarbeid for å sikre gode tenester og eit heilskapleg pasientforløp. På natt har omsorgssenteret ansvar for å rykka ut på alarmar hos heimebuande. Det kan òg forekoma faste oppdrag hos heimebuande.
På natt jobbar du tett med helsefagarbeidar og saman har de ansvar for å sikra god fagleg oppfølging på tvers av avdelingane. Som nattevakt har du ei viktig rolle i å fordele og ivareta dei sjukepleiefaglege oppgåvene gjennom natta, og sikra tryggleik og kvalitet i pasientomsorga også når bebuarane søv.
Me har ei stabil og faglig trygg gruppe tilsette med eit godt samhald. Her kan du lese meir om kva me verdsetter i arbeidsmiljøet her hos oss.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleieoppgåver på natt inkluderar heilskapleg pasientpleie.
- Har det overordna sjukepleiefaglege ansvaret på natt.
- Observera bebuarane sin tilstand, vurdera og ta ansvar for naudsynte sjukepleietiltak.
- Medikamenthandtering.
- Halda deg oppdatert og følgja gjeldande fag, planar og prosedyrar.
- Vurdera akutte situasjonar og ta raske avgjersler ved behov.
- Utføra planlagte og førefallande oppgåver på natt.
- Rykka ut til heimebuande på faste oppdrag og på alarmar.
- Samarbeida med kollegaer og pårørande for å sikra forsvarleg og god behandling gjennom heile døgnet.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- 3.års studentar i sjukepleie oppmodast til å søkja, med atterhald om autorisasjon før tiltreding.
- Relevant erfaring og kjennskap med brukargruppa er eit ønskje.
- Førarkort kl. B.
- Gode grunnleggjande datakunnskap.
- God norskkunnskap, både munnleg og skriftleg.
Ved ei eventuell tilsetjing må du leggja fram:
- Politiattest (ikkje eldre enn 3 månader), politiattest, jf. helse- og omsorgstenestelova § 5-4.
- Eigenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulose.
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som
- er stolt av faget ditt og trygg i rolla som sjukepleiar.
- er trygg i deg sjølv, handterer krevjande situasjonar med ro og tydelegheit, og tek kloke avgjerder under press.
- har evne til etisk og fagleg refleksjon
- er vennleg og tillitsvekkande, fleksibel, viser initiativ, og er delaktig i utviklinga for godt pasientarbeid og arbeidsmiljø.
- har pågangsmot, løysingsfokus og gode samarbeidsevner.
Me søkjer deg som trivast med å arbeide på natta, når kroppen vanlegvis er innstilt på søvn. Du som evnar å vere sjølvstendig og handlekraftig, og skapa tryggleik for våre tenestemottakarar.
Dei personlege eigenskapar ovanfor vil bli tillagt stor vekt.Me tilbyr
Blir du motivert av å jobba på ein arbeidsplass der me saman skal gje gode helsetilbod og verdige rammer for våre bebuarar? Då trur me du vil trivast hos oss! Hos oss får du ei meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til andre. Du blir ein del av ei personalgruppe med høgt fagleg fokus, og du får moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar, sjølvstende og samarbeid med kollegaer.
Hos oss får du rammer som sikrar deg ei fornuftig balanse mellom jobb og fritid gjennom årsturnus med moglegheit for innspel på arbeidstid. Turnusen har arbeid kvar 3.helg.
Medlemskap i KLP føl med tilsetjing. Det betyr at du får blant ein av Noregs beste pensjonsordningar og høve til å søka om bustadlån med gunstige betingelsar. Les meir på KLP sine nettsider.
Du blir tilsett i sjukepleiar-stilling, med lønsplassering kapittel 4 i det kommunale regulativet. Ansiennitetstrinna går her frå 0-16 år. Løna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar. Somme år vert det gjennomført lokale forhandlingar i tillegg til dei sentrale justeringane.
I Tysnes kan du få mulighet for kr 25 000 i avskriving av studielånet ditt årlig fra 2026, når Ny ordning for distriktskommuner blir vedteke av Stortinget.
Mangfaldserklæring
Tysnes kommune ønskjer å spegla mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å legga til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 3000 godlyndte innbyggjarar i Tysnes.
Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er opptekne av å skapa gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
dabab966-c7de-41c4-a3b0-837d4b641218
- Sist endret
1. desember 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10271807
Lignende annonser
Helsefagarbeidar natt
Arbeidsgiver
Tysnes kommune
Sted
Uggdal
Arbeidsgiver
Tysnes kommune
Sted
Uggdal
Arbeidsgiver
Tysnes kommune
Sted
Uggdal, Tysnes