Fast stilling som sjukepleiar på natt (80% til 100%)
Austevoll kommune
Birkelandsvegen 26, 5392 Storebø
Om jobben
- Stillingstittel
- Fast stilling som sjukepleiar på natt (80% til 100%)
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 10. mai
Om arbeidsstaden
Helse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV, psykisk helse og rus, kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg legge til rette med tenester tilpassa den enkelte sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.
Om stillinga
Stillinga er fast ved Austevoll pleie- og omsorgssenter/Heimetenesta ,med ein stillingsprosent mellom 80 og 100. Hovuddelen av arbeidet er på natt, men det er mogleg å kombinere med dag- eller kveldsvakter. Ei 100 % stilling utgjer 35,5 timar per veke, med turnus og arbeid kvar tredje helg.
Som sjukepleiar på natt får du ei viktig og sjølvstendig rolle med ansvar for observasjon, faglege vurderingar og oppfølging gjennom natta.
Austevoll kommune er i omstilling, og arbeids- og ansvarsområda kan difor bli endra.
Ansvar og arbeidsoppgåver
Du vil i hovudsak:
• utføre tilsyn, observasjon og faglege vurderingar av bebuarane gjennom natta
• handtere akutte situasjonar og endringar i helsetilstand på ein trygg og fagleg forsvarleg måte
• ivareta grunnleggjande pleie, smerte- og ubehagslindring, og bidra til ro og tryggleik for bebuarane
• utføre gjeldande sjukepleiarprosedyrar, som medisinhandtering, stell, prøvetaking m.m.
• dokumentere observasjonar, tiltak og hendingar i det elektroniske pasientjournalsystemet Profil
• samarbeide tett med kollegaer og andre faggrupper for å sikre gode og heilskaplege pasientforløp
• bidra til orden, klargjering og kvalitet i avdelinga før dagvakta tek over
Kvalifikasjonskrav
Formelle kvalifikasjonskrav:- Off. godkjent sjukepleiar
- Gyldig politiattest
Førarkort klasse B
Vi søkjer deg som:
• likar å arbeide med menneske
• kan jobbe sjølvstendig og strukturert
• er trygg, ansvarsbevisst og påliteleg
• er empatisk og god til å kommunisere
• er løysingsorientert og samarbeidsvillig
• held hovudet kaldt og er stabil i krevjande situasjonar
• bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø
• har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Vi tilbyr
• Ein trygg og fagleg sterk arbeidsplass med høg kvalitet i pasientbehandlinga
• God opplæring og tett oppfølging i starten
• Gode moglegheiter for fagleg utvikling, til dømes gjennom kurs
• Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø med brei tverrfagleg kompetanse
• Årsturnus der du får høve til å påverke eigen turnus
• Konkurransedyktig løn etter tariff, tillegg og gode pensjons- og forsikringsordningar
• Tilrettelegging for heiltid eller deltid etter behov (80–100 % stilling)
• Moderne og godt utstyrte arbeidslokale
• Bonusordningar for deg som går i turnus
Slik søker du på stillinga
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.
Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai.
Kommunen har eit folketal på om lag 5400 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.
Og veit du at dersom du bur i Austevoll kan du få sletta studiegjeld? Bur du her kan du kvart år få sletta kr 25.000,- av studielånet ditt. Dette er nytt frå januar 2025, sjå meir informasjon om ordninga på Lånekassen si heimeside: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner
Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7aac35be-40a5-4156-aad7-33f675e74dea
- Sist endret
22. april 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10292497