Hopp til innhold

Vil du vere med å koordinere utvikling av nasjonale IT-system

Arbeidsgiver

IT og dokumenthandtering, Lotteri- og stiftelsestilsynet

Sted

Storehagen 1B, 6800 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Rådgivar/seniorrådgivar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Søk på jobben

Søk senest søndag 19. april

Lotteri- og stiftelsestilsynet er på jakt etter ein strategisk og samtidig operativ ressurs som skal vere eit viktig bindeledd mellom fagmiljø og teknologi.

Vi ønsker gjerne deg med erfaring med å leie utviklingsprosjekt eller vurdering og innføring av sentrale IT-løysingar. Stillinga skal bidra til heilskap og samanheng mellom fagområda, arbeidsprosessar, data og digitale løysingar, og sørge for at våre digitale satsingar gir verdi i praksis.

Lotteri- og stiftelsestilsynet har ei omfattande og spennande IT-portefølje med fleire nasjonale register, og ein mangfaldig organisasjon med rundt 90 tilsette og fleire forskjellige nasjonale oppdrag.

Stillinga vil vere organisatorisk plassert i IT og dokumenthandtering (ca. 20 tilsette). Her vil du jobbe tett med både fagmiljøet og utviklingsmiljøet i organisasjonen, og få stor moglegheit til å påverke korleis vi arbeidar.

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg med relevant erfaring og utdanning på bachelornivå. Dersom du har solid erfaring frå teknologiarbeid og kan vise til gode resultat, kan dette kompensere for utdanningskravet.

Vi ser primært etter kandidatar med

  • god forståelse for både organisasjonens oppgåver og behov, og teknologi
  • erfaring frå prosjekt og tverrfagleg samarbeid
  • kjennskap til Office 365, spesielt SharePoint og Teams
  • kjennskap til bruk av kunstig intelligens og Copilot
  • evne til å omsette behov og mål til konkrete tiltak
  • kjennskap til IT-tenestestyring
  • erfaring med bruk av data og datadeling

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som

  • har strategisk tankesett og evne til å sjå heilskap og samanhengar
  • er omgjengeleg, samarbeidsorientert og trygg i dialog med ulike fagmiljø
  • har sterke samarbeidsevner og god gjennomføringsevne
  • er komfortabel med å ta ein tydeleg rolle i grenseflatene mellom miljøer

Du må rekne med noko reising i samband med jobben.

Kvifor skal du velje oss?

Her får du ein spennande, utfordrande jobb i eit godt arbeidsmiljø – samtidig som du får ein god balanse mellom jobb og fritid. Du får fleksibel arbeidstid, moglegheit for heimekontor, gode velferdsordningar og ein generelt fleksibel personalpolitikk.

Vi held til i eit moderne kontorbygg midt i Førde sentrum, og har kantine med lunsjordning.
Hos oss får du trene i arbeidstida, og vi har eige trimrom på huset.
Ved å jobbe hos oss vert du medlem i Statens Pensjonskasse, det betyr at du får ei av Norges beste pensjonsordningar. Vi er og ei IA-bedrift (inkluderande arbeidsliv).

Ikkje nøl med å ta kontakt om du har spørsmål om stillinga eller om korleis det er å jobbe hos oss.

Verd å merke seg

Løn blir fastsett på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Stillinga er utlyst som rådgivar/seniorrådgivar stillingskode 1434/1364.

Det blir trekt 2 prosent til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har ei prøvetid på seks månader.

Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på offentleg søkarliste må du opplyse om dette, og grunngi kvifor i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Dersom oppmodinga di om reservasjon ikkje blir tatt til følge, varslar vi deg på førehand.

Å vere inkluderande og mangfaldige ser vi på som ein styrke. Vi ønsker tilsette med ulik kompetanse i bedrifta, ulike fagkombinasjonar, ulike perspektiv og ulik livserfaring. Vi legg til rette for tilsette som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.

Kontaktinformasjon

Falk Michael Tewes, Fagdirektør IT og dokumenthandtering, 95859348, falk.tewes@lottstift.no

Arbeidsstad

Storehagen 1B
6800 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Lotteri- og stiftelsestilsynet

Referansenr.: 5083920494
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Falk Michael Tewes

Fagdirektør IT og dokumenthandtering

95859348

falk.tewes@lottstift.no

Om bedriften

Lotteri- og stiftelsestilsynet er ein spennande arbeidsplass som held til i Førde i Sunnfjord.

På huset jobbar rundt 90 engasjerte kollegaer innan mange ulike fagfelt.
Samfunnsoppdraget vårt er å sikre ansvarlege pengespel, ei sterk frivilligheit og trygge stiftelsar. Det betyr blant anna at vi skal passe på at norske pengespeltilbydarar og norske stiftelsar driv i samsvar med lova. Vi forvaltar også fleire støtteordningar til frivillige lag og organisasjonar, og fører tilsyn med blant anna Grasrotandelen til Norsk Tipping. 

Vi har eit godt arbeidsmiljø, og ein velferdskomité som finn på kjekke ting for oss. Vi har mange spreke folk på huset, så her er det gode moglegheiter for å hive seg med på topptur eller intervalltrening. Viss det ikkje er di greie, vil du kanskje heller hive deg med på quiz-laget vårt på Elvesus? Vi testar allmennkunnskapen kvar dag i vår faste quiz i kaffibaren kvar dag etter lunsj 😊 

Vi håpar å høyre frå deg! Om ikkje denne stillinga trefte blink i forhold til det du er på jakt etter, så er du sjølvsagt velkommen til å ta kontakt med oss likevel. Vi har stadig behov for flinke folk!

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d8b7ea50-f1ca-4390-802b-ae41bbfef58f

Sist endret

16. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

14605545d85f480a9c42933ddb7928f8

Lignende annonser

Laster lignende annonser