Hopp til innhold

Driftsleiar

Arbeidsgiver

Sunnfjord kyrkjelege fellesråd

Sted

Kyrkjevegen 23F, 6809 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Driftsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 12. april

Sunnfjord kyrkjelege fellesrådsområde ligg i Sunnfjord prosti og svarar geografisk til Sunnfjord kommune. Fellesrådsområdet har eit samla folketal på rundt 22.000. Vi har 6 sokn, 10 kyrkjer og 14 gravplassar. Hovudkontoret er i Førde, med lokale kyrkjekontor i Naustdal, på Vassenden og på Sande. Den totale staben består av rundt 40 fellesrådstilsette og 7 prestar, inkludert prost.

Vi har ledig stilling som driftsleiar i 100 % fast stilling. Driftsleiar skal ha ansvar for tilsette som har sitt daglege arbeid knytt dei 14 gravplassane våre. I tillegg er driftsleiar ansvarleg for drift og vedlikehald av dei 10 kyrkjene.

Kyrkjegarden og kyrkjene betyr mykje for folk, driftsleiar skal – saman med øvrige tilsette –  arbeide slik at bygg- og anlegg framstår velstelte, at forvaltninga er profesjonell og effektiv og at tilsette har gode rammer for sitt arbeid. Stillinga passar godt for den som likar vekslinga mellom praktisk og administrativt arbeid. Driftsleiar blir del av leiargruppa, og er stedfortredar i kyrkjeverja sitt fråvær.

Kontorstaden er i Førde, arbeidsområde til driftsleiar omfattar heile kommunen.


Arbeidsoppgåver

  • Leie og koordinere arbeidet knytt til gravplassdrift
  • Personalansvar for kyrkjegardsarbeidarar og kyrkjetenarar
  • Overordna ansvar for drift og vedlikehald av bygg og anlegg
  • Overordna ansvar for innkjøp og vedlikehald av utstyr

Kvalifikasjonar

  • Minimum 3-årig universitets- eller høgskuleutdanning (bachelor e.l.) 
  • Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell fagleg utdanning
  • Erfaring frå personalleiing vert vektlagt
  • Erfaring frå drift og vedlikehald av bygg, anlegg og utstyr er ein fordel
  • Søkjar må ha førarkort for bil (gjerne BE)
  • Kjennskap til Den norske kyrkja si verksemd er ein fordel
  • Krav om medlemskap i Den norske kyrkja

Personlege eigenskapar

  • Lagbyggar som skaper gode relasjonar mellom tilsette
  • Gode evner til kommunikasjon og samarbeid
  • Likar å arbeide målretta, systematisk og planmessig
  • Vere fleksibel og kunna møta utfordringar

Vi tilbyr

  • Du blir del av ein engasjert stab med både erfaring og kunnskap
  • Variert og meiningsfull arbeidskvardag
  • Løn i samsvar med avtaleverket i KA sitt tariffområde
  • Gode pensjons – og forsikringsordningar i høvesvis KLP og KNIF 

Kontaktinformasjon

Sissel Vartdal, kyrkjeverje, 48 99 12 57

Arbeidssted

Kyrkjevegen 23F
6809 FØRDE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Sunnfjord kyrkjelege fellesråd

Referansenr.: 5103805424
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Sissel Vartdal

kyrkjeverje

48 99 12 57

Om bedriften

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

943cdbb2-461b-4658-a81d-89e0a03020ee

Sist endret

26. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

20a9baba0f094eab91601f00edadb6a7

Lignende annonser

Laster lignende annonser