Hopp til innhold

Søkjer du ei fagleg spennande og utfordrande mellomleiarstilling med meining?

Arbeidsgiver

Ål kommune Nedre-Ål skule

Sted

Sundrevegen 43-45, 3570 Ål

Om jobben

Stillingstittel
Avdelingsleiar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 10. mai

Nedre-Ål skule ser no etter avdelingsleiar i eit 100% vikariat i perioden 31.08.26 - 31.07.27, der 20% av stillinga er undervisning.

I rolla som avdelingsleiar ved Nedre-Ål skule vil du ha medansvar for å sikre at våre elevar er godt førebudde på utfordringane i samfunnet vårt, og for å forme eit godt lærings- og arbeidsmiljø. Du vil vere del av eit leiarteam saman med rektor og ein annan avdelingsleiar i 80% stilling. I tillegg er også SFO-leiar, spes.ped koordinator og sekretær ein del av administrasjonen ved skulen.

Skulen har som fokus Respekt – Ansvar – Omsorg. I dette ligg det at skulen skal vere ein trygg og føreseieleg stad for alle, der elevane blir møtt med positive forventningar og tilpassa utfordringar. Gjennom elev og vaksenstandardane våre held me tak i dette saman – både barn og vaksne. 

Ål kommune har tre barneskuler og ein ungdomsskule. Nedre-Ål skule er ein barneskule med ca 220 elevar og om lag 50 tilsette.  

Arbeidsoppgåver 
  • Medansvar for drift og utvikling av skulen, innanfor fag, personalarbeid og økonomi.
  • Delta i leiing og utvikling av det pedagogiske arbeidet slik at det bidreg til auka læringsutbytte og eit trygt læringsmiljø for alle elevar.
  • Aktiv deltakar i leiarteamet ved skulen.
  • Samarbeide med andre sektorar for å sikre eit heilskapleg tilbod til elevane.
  • 20% undervisning er tillagt stillinga.
  • Vidareutvikle eit godt skule-heim-samarbeid.
Kvalifikasjonskrav
  • Undervisningskompetanse og -erfaring frå grunnskule.
  • God økonomisk forståing.
  • God digital kompetanse.
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, skriftleg og munnleg.

Ål kommune nyttar nynorsk som målform.

Ønska kvalifikasjonar
  • Leiarerfaring.
  • Leiarutdanning, t.d. rektorskulen.
Personlege eigenskapar
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  • Evne til å engasjere, involvere, motivere og inspirere til felles innsats.
  • Lagbyggar, som evnar å jobbe systematisk og langsiktig med komplekse og utfordrande oppgåver.
  • Evne til å bygge gode relasjonar til elevar, medarbeidarar, føresette og samarbeidspartar.
  • Raus og fleksibel.
  • Lagspelar med godt humør.
  • Høg arbeidskapasitet.
  • Jobbar effektivt og sjølvstendig.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde ved tilsetting.

Vi tilbyr
  • Ein spennande, variert og utfordrande jobb.
  • Eit triveleg arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar.
  • Ein arbeidsplass med høg fagkompetanse og eit utviklingsorientert profesjonsfellesskap.
  • Moglegheit til å vere med på å utvikle oppvekstsektoren i Ål og regionen gjennom samarbeidsfora kommunalt og regionalt.
  • Eit godt etablert tverrfagleg samarbeid.
  • Leiarstøtte.
  • Konkurransedyktig lønn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
Søknad og politiattest
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
Velkomen som søkjar. 
Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Sissel Skrindo

99287896

sissel.skrindo@aal.kommune.no

Om bedriften

Nedre-Ål skule er ei 1.-7. skule med 215 elevar. Kvart trinn har eit fast team av lærarar, miljørettleiarar og fagarbeidarar/assistentar. Skulen har to-lærarsystem og miljørettleiarar. Vi har engasjerte vaksne som er opptekne av leikbasert, aktiv læring, uteskule og smart bruk av digitale hjelpemiddel, og medarbeidarar som samarbeider om ein best mogleg skulekvardag for flest mogleg.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d89ff7f9-7137-4552-9e74-1cc2117e4ebe

Sist endret

21. april 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3619559_221513_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser