Hopp til innhold

Tilkallingsvikar - Åmot skule

Arbeidsgiver

Åmot skule, Vinje kommune

Sted

Raulandsvegen 58, 3890 Vinje

Om jobben

Stillingstittel
Tilkallingsvikar - Åmot skule
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 31. mai

Åmot skule ligg sentralt i Åmot, i Vinje kommune. Me er ein 1-10 skule med om lag 160 elevar frå alle verdas hjørne. Me ynskjer oss vikarar som er tydelege, inkluderande og har ein autoritativ arbeidsstil, med hjarte for opgåvene. Ved vår skule vil du få høve til å utvikle deg både i klasserommet og i fagfellesskapet med andre pedagogar og fagarbeidarar. 

Me søkjer etter engasjerte og dyktige tilkallingsvikarar, som vil jobbe hos oss i korte og lengre oppdrag skuleåret 2025-2026. 

Dette er ei open utlysing og aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju. Oppstart etter avtale.


Arbeidsoppgåver

  • Tilkallingsvikarar for kortare og lengre fråver
  • Undervisning på 1.-10. trinn og vaksenopplæring
  • Aktivt bidra til å byggje laget kring elevane
  • Delta på relevante møte
  • Delta på skulens utviklingsarbeid
  • Assistent på SFO i skuletida og i feriar
  • Andre relevante oppgåver, som td. inspeksjon

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning med undervisningskompetanse
  • PPU (Praktisk-pedagogisk utdanning)
  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidarfaget, helsefagarbeidar, eller andre sosialfaglege utdanningar er relevant
  • Anna relevant kompetanse kan vere aktuell
  • Erfaring frå grunnskule og VO er ein fordel
  • Kunnskap om Fagfornyinga
  • Interesse og kunnskap for pedagogisk bruk av IKT og aktiv bruk av læringsplattform 
  • Interesse og kunnskap om Gaming er eit ynskje
  • Interesse for å bruke naturen som klasserom
  • Utdanning frå utlandet krev NOKUT-godkjenning
  • Gode ferdigheiter i norsk, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du har godt humør, er raus og trivast saman med elevar
  • Du har eit positivt elev- og menneskesyn
  • Du likar å vera aktiv deltakande i samhandling, aktivitetar og leik
  • Du er tydeleg, strukturert og evnar å omstille deg på kort varsel
  • Du er ein tydeleg og omsorgsfull klasseleiar
  • Du har høge ambisjonar på vegne av elevane
  • Du stiller presis og godt førebudd til skuledagen
  • For lærarvikarar må du planleggje og gjennomføre undervisning
  • Du er ein god formidlar og evnar å skape gode relasjonar
  • Du likar å arbeide i team, delar kompetanse og bidreg til gode og trygge rammer kring elevane
  • Du likar å lære nye oppgåver
  • Personlege eigenskaper blir vektlagd

Me tilbyr

  • Ein skule som er kjend for eit godt arbeidsmiljø, høg kompetanse og stort engasjement
  • God forsikrings- og pensjonsordning
  • Lunsj til hyggjeleg pris for tilsette
  • Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar

I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta. 
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. 
Tilsetting er betinga av godkjend politiattest.

Kontaktinformasjon

Rune Sudbø Tveito, Verksemdsleiar

Arbeidsstad

Raulandsvegen 58
3890 Vinje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune

Referansenr.: 5074938223
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 31.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Rune Sudbø Tveito

Verksemdsleiar

Om bedriften

Vinje kommune er den største kommunen i Telemark, med om lag 3800 innbyggjarar. Kommunen ligg ved foten av Hardangervidda nasjonalpark. Vinje har spelt ei viktig rolle i høve industrihistoria og er difor på UNESCO si verdsarvliste. Vinjeskulen er opptatt av samskaping og samarbeid på tvers av einingar. 

Åmot skule er omkransa av vakker natur og spennande fjellområde. Skulen er sentral i bygda vår med flotte bygg, og idrettsanlegg vegg i vegg. Skulen vår er ein 1-10 skule med vaksenopplæring. Me har om lag 210 flotte og engasjerte elevar frå alle verdas hjørne. Med 40 dyktige tilsette på laget er me opptekne av å ha rom for alle og blikk for den eine. 

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d84980f6-2236-475d-b448-f3a5929f23ad

Sist endret

16. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

c4729bd102bd4e7b82554b8881a346e8

Lignende annonser