Hopp til innhold

Etterforskar/U-18-etterforskar

Arbeidsgiver

Møre og Romsdal Politidistrikt

Sted

Storgata 43, 6508 Kristiansund N

Om jobben

Stillingstittel
Etterforskar/U18-etterforskar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
3
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest fredag 7. august

Om stillinga

Ønskjer du ein meiningsfull kvardag der du får jobbe med etterforsking av straffesaker ved Kristiansund politistasjon? Vi har for tida ledig tre faste stillingar:

  • etterforskar med primært arbeid med U18-saker og førebygging tom. juni 2027. Etter denne perioden vil ein gå inn som del av avsnitt for etterforsking. Perioden ved avsnitt for førebygging og etterretning kan bli forlenga, avhengig av behova ved seksjonen.
  • etterforskar med primært oppgåver innan fagfeltet grov vald og seksuelle overgrep
  • etterforskar ved krimvakta

Det er moglegheit for eit breitt og variert oppgåvesett i stillingane. I periodar må ein pårekne å bidra innan andre tjenesteområde, avhengig av behov i driftseininga. For deg som ønskjer det, vil du i alle stillingane få delta i støtteliste ved vakt og beredskap kvar fjerde helg og inngå i den operative beredskapen. 

I tillegg til å få ei variert og utviklande stilling, byr Kristiansund og Nordmøre på mektige naturopplevingar, og med nærmare 60 000 innbyggjarar er her er eit mangfoldig tilbod innan fritidsaktivitetar og kulturelle opplevingar. Vi ser fram til å høyre frå deg!

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.


Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi ser etter deg som er motivert og interessert i etterforskingsfaget. Vi stiller høge krav til arbeidsmoral og etisk integritet. Du trivst med ein variert arbeidskvardag, med å identifisere nødvendige gjeremål og å få desse gjennomført åleine eller i lag med andre.

Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår. 

I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.


Arbeidsoppgåver

  • etterforskingsoppgåver, sjøvstendig og i team. Ei av stillingane er tiltenkt rolla som krimvakt på dagtid. 
  • kriminalitetsførebyggjande arbeid 
  • publikumsmottak
  • utføre etterforsking med politiarbeid på staden (PPS) som arbeidsmetode
  • andre oppgåver som høyrer til den daglege tenesta ved eininga  
  • bidra med rettleiing og ved opplæring/kompetansehevande tiltak ved eininga
  • mogelegheit for støtteliste ved vakt og beredskap (krev min. IP4-godkjenning) og krimvakt i helg
  • kan påleggast andre oppgåver

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • bestått grunnutdanning frå Politi(høg)skulen. Vitnemål og karakterskjema skal leggast ved søknaden, sjå https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema2023.xlsx 
  • god skriftleg og munnleg formidlingsevne
  • plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga 

Det er også ønskjeleg med

  • erfaring frå politistilling
  • etter-/vidareutdanning innan etterforsking
  • anna relevant tilleggsutdanning/kurs/erfaring

Personlege eigenskapar

  • motivasjon og interesse for etterforskingsfaget
  • gode samarbeidsevner 
  • evne til å byggje tillit hos publikum og gode kommunikasjonsferdigheiter
  • sjølvstendig og høg gjennomføringsevne

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.


Dette kan vi tilby om du vel oss

  • ei utviklande stilling gjennom varierte oppgåver og tidleg ansvar ved Kristiansund politistasjon
  • for erfarne kandidatar vil stilling som 0285 politiførstebetjent (lønn: Kr. 650 000 - kr. 720 000) bli vurdert, eventuelt politioverbetjent (kr. 680 000 - kr. 760 000) for særskilt kvalifiserte, jf. lokale retningslinjer. Alternativt stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457), avhengig av kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter.
    Politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 640 000 til kr. 690 000
    Politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 585 000 til kr. 635 000 
    Politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 560 000 til kr. 610 000
    Ved andre tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldande lønnsnivå for området.
  • godtgjersle etter gjeldande ATB, for tida på kr. 44 708, og tillegg for eventuell turnusteneste
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar, les meir på www.spk.no. Det blir trekt to prosent frå lønna til innskot i Statens pensjonskasse
  • mogelegheit for trening i arbeidstida
  • fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift og vere knytt til bedriftshelseteneste

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.


Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Slik søkjer du

Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. For avgangsstudentar 2026 må vitnemål ettersendast før tiltreding.

Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju. Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.


Kontaktperson for stillingen

Eirik André Sæther

Seksjonsleiar

+47 93 21 82 88

Om bedriften

Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 500 menneske. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar.

Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.

Politidistriktet har om lag 650 tilsette og vert leia av politimeister Elin Anja Drønnen med hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar: Felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR og HMS.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d7f272f1-1445-41f7-8c5a-4a29d03c0515

Sist endret

29. juni 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10301697

Lignende annonser

Laster lignende annonser