Hopp til innhold

Rådgjevar/Seniorrådgjevar

Arbeidsgiver

Møre og Romsdal Politidistrikt

Sted

Nedre Strandgt 50, 6001 Ålesund, Storgata 43, 6508 Kristiansund N, Strandgata 2, Molde, 6415 Molde

Om jobben

Stillingstittel
Rådgjevar/Seniorrådgjevar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 2. august

Om stillinga

Vi har ledig 100% fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar ved støttesenteret for kriminalutsette i Møre og Romsdal politidistrikt. 

Vi søkjer etter ein engasjert rådgjevar/seniorrådgjevar som kan lose borgarar utsett for kriminalitet gjennom straffesaksprosessen. Likar du å jobbe sjølvstendig, er empatisk og har god evne til å arbeide med ulike menneske kan dette vere rette stillinga for deg.

Støttesenteret for kriminalitetsutsette skal vareta og bistå dei som er blitt utsett for integritetskrenkande kriminalitet, herunder fornærma utsett for seksuelle overgrep og fornærma i vald i nære relasjonar. Tilbodet inneber psykososial støtte, oppfølging, informasjon og støtte upartisk gjennom heile straffesakskjeda. Primært er dette gjennom samtalar med fornærma og pårørande, men også i drøfting utan at det føreligg melding til politiet.

Støttesenteret driv ikkje med behandling, men skal ha kunnskap om behandlingstilboda i politidistriktet. Det er eit mål å lose den utsette vidare til riktig hjelp. Sjå https://www.politiet.no/kontakt-oss/stottesenter-for-kriminalitetsutsatte/

Ved eventuelt internt opprykk kan det bli ledig ei fast rådgjevarstilling. 

Arbeidsstad er Ålesund, Molde, eller Kristiansund etter nærare avtale.


Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi ser etter motiverte personar som er interesserte i å hjelpe andre menneske som av ulike årsakar er utsette for kriminalitet. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet. Vidare søkjer vi etter deg som til ei kvar tid opptrer profesjonelt og fungerer som ein god ambassadør for politiet gjennom dine haldningar og handlingar i det daglege arbeidet.

Evnen til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår. I vurderinga vår av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på. 

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.


Arbeidsoppgåver

  • tilby støtte, oppfølging, informasjon og rettleiing gjennom heile straffesakskjeda til offer for integritetskrenkande kriminalitet
  • forhindre ytterlegare integritetstap gjennom straffesakskjeden
  • bidra til å styrke borgarane sin integritet for å bli betre rusta til å gjennomføre avhøyr og bli eit trygt vitne
  • lose voldsutsette vidare til profesjonell hjelp i både kommunalt og statleg hjelpeapparat
  • bidra til auka tilgjengelegheit og betre koordinering i hjelpeapparatet generelt og mellom hjelpeapparat og politi
  • drive fagutvikling og opplysningsverksemd om kriminalitetsoffer
  • vere politidistriktet sitt nasjonale kontaktpunkt for støttesenter for kriminaltetsutsette
  • bistå med vitnestøtte under rettssak
  • bistå med å søkje voldsoffererstatning
  • administrative oppgåver
  • andre oppgåver etter avtale

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • relevant høgare utdanning innan sosial og helse på minimum bachelornivå eller politihøgskule. Lang og relevant erfaring/kompetanse kan kompensere for utdanningskravet i særskilte tilfelle.
  • gode evner til å kommunisere munnleg og skriftleg både på norsk og engelsk
  • evne til å bruke fleire digitale plattformar til loggføring og informasjonsinnhenting
  • plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.


For å bli vurdert som seniorrådgjevar må du ha relevant mastergrad eller tilsvarande og minimum fem års relevant erfaring. I denne vurderinga kan relevant erfaring kompensere for kravet til mastergrad. Eventuell utdanning frå utlandet må vere godkjent av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse for å bli vurdert. 

Det er også ønskjeleg med

  • erfaring og utdanning i arbeid med familievold, kognitiv terapi, traume, psykisk barne- og ungdomsarbeid eller liknande
  • fleirkulturelt arbeid
  • mestring av andre språk

Personlege eigenskapar

  • sjølvstendig og trygg i rolla som rådgjevar og medmenneske
  • har svært gode kommunikasjons- og samarbeidsevner 
  • løysingsorientert
  • handtere høge emosjonelle krav

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her.


Dette kan vi tilby om du vel oss

  • ein spennande arbeidsplass med eit viktig samfunnsoppdrag der du får vere med på å forme politiet for framtida
  • fast stilling som seniorrådgjevar (SKO 1364) med brutto årslønn frå kr. 700 000 til kr. 775 000, eller rådgjevar (SKO 1434) med brutto årslønn frå kr. 600 000 til kr. 735 000. For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode. Les meir om tilsettingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk. Det blir trekt to prosent frå lønna til innskot i Statens pensjonskasse.
  • fleksibel arbeidstid
  •  mogelegheit for trening i arbeidstida
  • tilknyting til bedriftshelsetjeneste og fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar. 


Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Kontaktpersoner for stillingen

Arild Helland

Seksjonsleiar

+4741 44 04 86

arild.helland@politiet.no

Linn Breivik Erstad

Driftseiningsleiar

+4792813729

Linn.Breivik.Erstad@politiet.no

Om bedriften

Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 500 menneske. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar.Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre.

 Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.

Politidistriktet med om lag 650 tilsette, vert leia av politimeister Elin Anja Drønnen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

7d2c75af-2c12-4987-9aaa-4b41a4011ca9

Sist endret

3. juli 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10302387

Lignende annonser

Laster lignende annonser