Hopp til innhold

Javautviklere

Arbeidsgiver

Digitaliseringsdirektoratet

Sted

Askedalen 4, 6863 Leikanger

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Javautviklere
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hybridkontor

Om stillinga

Som utviklar i vår avdeling blir du med på å utvikle løysingar som ikkje tåler nedetid, fiksar høg trafikk, og sjølvsagt har den sikkerheita som trengs.

Vår topp moderne utviklingsplattform, sørger for at produktteama har dei beste fasilitetane for å utvikle smidig og med stor fart. Vi definerer problem, finn løysing, kodar, et lunsj, tek ein kaffi og prodsetter – kvar dag!

Vi er allereie i gang med å utforske alt det nye som kjem med EU sin eIDAS-lovgiving og EU-lommebok. Samtidig skal vi gjera våre løysingar som ID-Porten, Maskinporten, KRR, ELMA og eInnsyn endå betre.

Me er heilt sikre på at det blir spennande, krevjande, hektisk, lærerikt og utfordrande – akkurat slik vi likar det!

Om du også likar det slik, kan noko og vil noko so søk gjerne!

Teknologi 

Teamene har stor teknologisk friheit og vel den teknologien som er best egna for den aktuelle oppgava. Vi er best kjent med Java, Kotlin, Kafka, React og TypeScript, og nyttar oss av mikrotenester der det er relevant. Plattforma vår er Kubernetes-basert med OpenShift og vi nyttar Digdir sitt Designsystem https://www.designsystemet.no

Vi har stor tru på å møtes fysisk og derfor er disse stillingane plassert på vårt kontor i Sogndal, men vi er i særlege tilfelle åpen for at du kan jobbe frå en av Digdir sine andre kontor. 


Arbeidsoppgåver

Hovudoppgåvene din vil være produktutvikling i tverrfagleg produktteam. Du vil samen med teamet ha det tekniske ansvaret for teamets produkter og kontinuerleg forbetring av disse over tid. Du bidrar til å bygge løysningar som betyr noko for mange andre og gir løpande verdiauke for samfunnet.


Kvalifikasjonar

Du må :
  • Ha høyere, relevant utdanning på høyskole-/universitetsnivå på minimum bachelornivå. Relevant arbeidserfaring kan erstatte manglende utdanning. 
  • Være kvalitetsbevisst på koden du leverer, som for eksempel modellering, overvåkning og testing.
  • Ha kunnskap om systemutvikling i Java, gjerne med god kjennskap til Spring-rammeverket  
  • Ha gode muntlige og skriftlige norskkunnskaper.

Stillingen krever at du må autoriseres for BEGRENSET etter bestemmelsene i sikkerhetsloven.

Det er også ønskelig med:
  • Erfaring fra å jobbe i tverrfaglige team med kontinuerlige leveranser, inklusiv relevante støttesystem som for eksempel Jira og GitHub.
  • Kunnskap om offentleg forvalting generelt og kjennskap til norsk eID-forvalting spesielt.
  • Erfaring med drift og utvikling av sky- og container-baserte applikasjonar, spesielt Kubernetes 

Personlege eigenskapar

Du blir ein del av eit lag og då samarbeider du godt med andre og set pris på kompetansedeling. Kontinuerleg evaluering og forbetring er viktig for oss, men også for deg sjølv og teamet ditt.

Det er derfor viktig at du 

  • kan jobbe sjølvstendig og i team  
  • tek initiativ når du ser nye moglegheiter  
  • er engasjert, strukturert, analytisk og løysingsorientert 
  • har stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne 
  • ønskjer å ta ansvar i teamet og er open for å lære ny teknologiar og metodikk 

Vi tilbyr

Les meir om godene ved å jobbe i staten på Arbeidsgivarportalen.


Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Vi har tru på at mangfald er ein viktig byggestein i eit godt, spennande og utviklande arbeidsmiljø, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Rett kompetanse på rett stad er vår viktigaste prioritering når vi rekrutterer, og vi vil legge til rette for at personar med nedsett funksjonsevne også kan jobbe hos oss. 


Vil du vite meir?

Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kontakt gjerne

Seksjonssjef Jørn Stenehjem
E-post: jorn.stenehjem@digdir.no
Telefon: 91146279

Vitnemål og attestar må følgje søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søkjer på stillinga. Har du teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Søkarlister kan bli offentleggjorde i samsvar med offentleglova § 25. Dersom du ønskjer å reservere deg mot å bli oppført på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om å ikkje bli oppført på lista. Du vil i så fall bli varsla.


Sikkerheit i Digdir

Digdir forvaltar samfunnskritisk infrastruktur. Sikkerheit er derfor integrert i rekrutteringsprosessane hos oss.

I stillingar som blir vurdert som sikkerheitskritiske, må du rekne med å få spørsmål knytt til sikkerheitsmessig skikkaheit i rekrutteringsprosessen.

Vi nyttar Semac til bakgrunnssjekk i samband med våre tilsetjingar.


Om bedriften

Digdir er underlagt Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Direktoratet har om lag 475 tilsette fordelt på våre kontor i Brønnøysund, Leikanger og Oslo. Vi har fire fagavdelingar, to stabs- og støtteavdelingar og eit tilsyn for universell utforming av ikt, som har ei særskilt uavhengig rolle. Våre verdiar er påliteleg, inkluderande og uredd. 

 Digdir er regjeringas fremste verktøy for ei raskare og meir samordna digitalisering av offentleg sektor. Direktoratet skal bidra til enklare og meir tilgjengelege offentlege tenester for innbyggarane og auka verdiskaping for næringslivet. Visjonen vår er saman for ein enklare digital kvardag. Les meir om Digdir på våre nettsider Digdir.no.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d5ef6583-ddb4-49c1-81b0-879498d41e33

Sist endret

15. januar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10275210

Lignende annonser

Laster lignende annonser