Hopp til innhold

Vil du vere med å digitalisere eit energikonsern?

Arbeidsgiver

Sognekraft

Sted

Røysavegen 1, 6893 Vik i Sogn

Om jobben

Stillingstittel
Fullstack utviklar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Søk på jobben

Søk senest mandag 16. mars

I 2026 investerer Sognekraft tungt i digitalisering: nytt ERP-system, nytt datavarehus, moderne serverinfrastruktur og vidareutvikling av interne og kunderetta system. No søkjer me ein fullstack utviklar som vil vere med å forme løysingane -- ikkje berre kode i dei. Hjå oss får du arbeide tett på forretninga, kraftmarknaden og det grøne skiftet -- i eit lite og kompetent team med stor påverknadskraft.

Kva vil du jobbe med?

Du vil få ei brei og variert rolle, der du mellom anna skal:

  • Utvikle og vidareutvikle system for produksjonsstyring og handel i kraftmarknaden

  • Delta i innføring av nytt ERP-system og etablering av datavarehus

  • Byggje og forvalte integrasjonar mellom system i konsernet

  • Jobbe med dataanalyse og datadrivne løysingar

  • Bidra i teknologival, arkitektur og vidareutvikling av plattforma vår

Teknologimiljøet vårt

Me jobbar moderne og praktisk -- og vel verktøy ut frå behov. I dag består stacken vår mellom anna av:

  • Backend: Python, FastAPI

  • Frontend: Angular

  • Orkestrering: Prefect

  • Infrastruktur: Kontainarar, Traefik

  • Observability: Grafana, Loki, Prometheus, Alloy

  • Verktøy: GitHub, Jira

Kven ser me etter?

Me oppfordrar både nyutdanna og erfarne utviklarar til å søkje. Du har interesse for systemutvikling og teknologi, likar å setje deg inn i nye problemstillingar og tek ansvar for det du jobbar med. Du trivst både med sjølvstendig arbeid og samarbeid i team, og har relevant utdanning eller erfaring.

Du treng ikkje kunne alt frå før. Det viktigaste er at du er nysgjerrig, lærevillig og likar å forstå både system og samanhengar. Erfaring med integrasjonar, dataarbeid eller sky/infrastruktur er ein fordel -- men ikkje eit krav.

Kvifor Sognekraft?

Hjå oss blir du ein del av eit lite og sterkt fagmiljø i vekst. Du får jobbe med digitale løysingar som støttar fornybar energi og det grøne skiftet -- og vere med å påverke retninga vidare.

Me tilbyr fleksibel arbeidsstad i Sogndal eller Vik, moglegheit for noko heimekontor og gode løns-, forsikrings- og pensjonsvilkår. Og som ein ekstra bonus har du fjord og fjell rett utanfor kontordøra.

Me samlast jamleg til faglege og sosiale møtepunkt, og gjennom personalforeininga Kraftlaget kan du vere med på alt frå turar og aktivitetar til arrangement gjennom året. Det er låg terskel for å bli med -- og for å kome med nye idéar.

Om du har spørsmål ta kontakt med konserndirektør stab Tom Dyrdal på tlf. 479 02 531

Om bedriften

Vil du vere i ei verksemd i stadig vekst? Ha ein arbeidsgjevar som trur på framtida og torer å satse? Då er Sognekraft verksemda for deg.

I Sognekraft-konsernet er vi nærare 160 energiske medarbeidarar -- og vi vil bli fleire og gjerne fleire kvinnelege kollegaer!

På fritida likar vi å utfordra oss sjølve i denne enorme leikeplassen her i Sogn. Vi kosar oss i laussnøen, klatrar og klyv oppover fjellsidene, syklar og vandrar gjennom landskapet, og nyt gode dagar på verdas lengste og djupaste fjord.

Sognekraft skal utføre mange spennande utviklingsoppgåver dei neste åra. Vi skal utvikle straumnettet vårt for framtida. Ei framtid der vi tek høgde for klimaendringar og ekstremvêr, som set større krav til leveringstryggleik og kvalitet. Vi skal auke produksjonen vår av rein fornybar energi.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

989fc71c-c82e-42fe-8f3c-73d9873763ac

Sist endret

19. februar 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

451337186

Lignende annonser