Hopp til innhold

Driftsoperatørar, bygg og utleigebustadar

Arbeidsgiver

Sogndal kommune, bygg/drift

Sted

Riverdalen 5, 6856 Sogndal

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest torsdag 19. mars

(To faste stillingar, 100 %)

Vil du ha ein praktisk jobb der du jobbar med bygg, utstyr og menneske i kvardagen?

Me søkjer to driftsoperatørar som skal vere bindeledd mellom utleigebustadane, hjelpemiddelsentralen og teknisk drift. Du får ein variert arbeidsdag med både praktiske oppgåver og kontakt med innbyggjarar.

Arbeidsstaden er hovudsakleg Sogndal, men du må rekne med oppdrag i heile kommunen ved behov.

Kva du skal jobbe med:

Hovudtyngda av arbeidet er knytt til utleige og drift av kommunale bustadar.

Utleigebustadar
Du hjelper til ved inn- og utflytting, er kontaktpunkt for leigetakarar i praktiske spørsmål og utfører førefallande vedlikehald inne og ute. Du deltek i oppussing mellom leigeforhold og samarbeider tett med einingane som tildeler bustadane.

Hjelpemiddel:
Du køyrer ut hjelpemiddel til innbyggjarar og bidreg med enkel montering og praktiske oppgåver.

Vedlikehald i helsebygg
Du hjelper sjukeheimen med praktiske vedlikehaldsoppgåver og utbetring av teknisk utstyr. Dette er ikkje helsefagleg arbeid.

Byggdrift elles
Ved ledig kapasitet støttar du driftsavdelinga med andre oppgåver.

Arbeidet skjer i tett samarbeid med driftsoperatørar og formenn i teknisk drift, og du brukar tenestebil i arbeidstida. Du blir del av eit triveleg fagmiljø med kollegaer som arbeidar tett i kvardagen.

Kven me ser etter:
Du kan ha fagbrev som tømrar, røyrleggjar, elektrikar, malar eller anna teknisk fag. Solid praktisk erfaring frå byggdrift og vedlikehald kan vege opp for manglande fagbrev.

Me ser etter deg som:

  • Er omgjengeleg og trygg i møte med ulike menneske
  • Kan jobbe sjølvstendig og ta ansvar
  • Trivst med praktisk arbeid og varierte oppgåver
  • Har teknisk forståing og kan handtere vedlikehald, utstyr og enkle reparasjonar
  • Meistrar norsk munnleg godt
  • Kan bruke pc, mobil og enkle digitale verktøy

Har du språkkompetanse som kan vere nyttig i møte med leigetakarar frå ulike land, er det eit pluss.

Det kan bli aktuelt å be om politiattest, då arbeidet inneber kontakt med sårbare grupper.

Me tilbyr:

  • Ein praktisk jobb med ansvar og varierte oppgåver
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Velferdsordningar i tråd med kommunen sine avtalar
  • Løn etter avtaleverket

Litt om oss
Sogndal kommune har om lag 12 000 innbyggjarar og rundt 1200 medarbeidarar.
Me leverer tenester kvar dag til innbyggjarar i alle aldrar, og ønskjer å vere ein kunnskapsbasert og framtidsretta kommune.

Me ønskjer mangfald i arbeidsmiljøet vårt, og oppmodar alle kvalifiserte til å søkje – uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller bakgrunn.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Prøvetida er seks månader. I tråd med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjorde, sjølv om du ber om unntak. Du blir varsla før eventuell offentleggjering

Send søknad og relevante vedlegg gjennom EasyCruit innan søknadsfristen.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Sigve Lirhus

45879173

sigve.lirhus@sogndal.kommune.no

Om bedriften

Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b7e16cd1-dbcb-4436-9b55-b787c009f818

Sist endret

27. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3600983_233935_nn

Lignende annonser