Hopp til innhold

Miljøterapeut/miljøarbeidar

Arbeidsgiver

Sogndal kommune Bu- og miljøtenesta Leikanger

Sted

Skrivarvegen 7, 6863 Leikanger

Om jobben

Type ansettelse
Fast, deltid 25%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 3. mars

Me i Bu- og miljøtenesta sone Leikanger i Stadheimsgarden har ledige stillingar. Me yt tenester til menneske med ulike typar nedsett funksjonsevne. Tenesta omfattar personelg assistanse, opplæring og oppfølging i dagleglivet og fritid. Me jobbar langvakter, som er på 12 timar. Med denne arbeidstidsordninga får tenestemottakar og du som tilsett, moglegheit til å jobbe tett og målretta over tid. Arbeidstidsordninga er lagt opp slik at ein jobbar i t.d. 3-4 dagar og så fri inntil ei veke. Passar godt for deg som likar og jobbe intensivt, og så lengre friperiode.   Med å jobbe med oss får du vere del av eit team som består av godt kvalifiserte kollegar.  

Sogndal kommune sone Leikanger har ledig  følgjande faste stillingar:  

 

Ledige stillingar: 

2 x 25,35 fast stilling på helg, langvakter. 

25,35% fast stilling natt. 27,46% fast stilling helg. Langvakter. Desse to stillingane kan kombinerast. Det kan og bli ledig fleire vikariat. 

 

Sentrale ansvarsområde:   

  • Målretta miljøarbeid   

  • Journalføring   

  • Bistand til daglege gjeremål   

  • Ivareta tenestemottakar si sjølvstendigheit og utvikling   

  • Motivere til aktivitet, trening og sosialisering   

  • Bidra til god livskvalitet, gode relasjonar og eit godt arbeidsmiljø   

  • Primærkontakt- og koordinatoroppgåver kan bli delegert frå leiar   

  • Andre oppgåver ved behov   

   

Kvalifikasjonar:   

  • 3- årig helse-sosial- eller pedagogiske fag frå høgskule og/eller universitetsnivå eller vidaregåande opplæring innan helse- og omsorgsfag  

  • Fordel med erfaring frå arbeid med menneske med nedsett funksjonshemming   

  • Fordel med kjennskap til Gerica, Microsoft 365 og Visma flyt ressursstyring   

  • Beherske norsk skriftleg og munnleg   

  • Førarkort klasse B – manuell gir  

   

Personlege eigenskapar:   

  • Omsorgsfull   

  • Skape tillit til tenestemottakar, kollegaer og pårørande  

  • God lagspelar  

  • Trygg på deg sjølv og eiga rolle  

  • Løysingsorientert og fleksibel   

 Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.  

   

Spesielle vilkår for stillinga:   

Den som vert tilsett må leggje fram:   

- Tuberkolose/MRSA-skjema, evt. Tuberkulinattest av ny dato   

- Politiattest av ny dato   

   

Me tilbyr:   

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.   

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar   

  • Gode velferdsordningar   

  • Løn etter tariff   

   

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.  

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.  

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.  

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Ann Kristin Sæbø

482 48 558

ann.kristin.sebo@sogndal.kommune.no

Om bedriften

Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

095c8a00-c1dd-49c6-a450-3e1cf17399e4

Sist endret

17. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3597075_209577_nn

Lignende annonser