Hopp til innhold

Rådgjevar digitalisering

Arbeidsgiver

INV - Vegdata, Vestland fylkeskommune

Sted

6863 Leikanger, Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Rådgjevar Vegdata
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Søk på jobben

Søk senest fredag 20. mars

Avdelinga for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune har ansvar for om lag 5600 km fylkesveg. Me arbeider for trygge kvardagsvegar og me skal planlegge og bygge vegane våre slik at dei er sikre og tilpassa framtida. Me er ein stor byggherre innan samferdsle og har mange spennande investerings- og vedlikehaldsprosjekt i åra som kjem.
Visjonen vår er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg vegsystem som dekkjer samfunnet sitt behov for transport, og fremjar regional utvikling.
Seksjon Vegdata har ansvar for å forvalte data om dei 5600 km fylkesveg me har. Me arbeidar med GIS, trafikktelling, geomatikk og NVDB. Seksjonen har 21 tilsette fordelt på kontor i Bergen og Leikanger.

Vil du vere med og styrke vår organisasjon innan digitalisering?
Me søkjer ein engasjert og analytisk rådgjevar innan vegdata som vil spele ei sentral rolle i korleis me utnyttar dei stadig aukande datamengdene om vegane våre. Mengda og detaljrikdomen i data frå kartleggingar og digitale system veks raskt – og me treng deg som kan omsetje desse dataane til kunnskap som gir betre prioriteringar.
I denne rolla vil du bidra til å sikre at drift, vedlikehald og nye vegprosjekt blir planlagde og gjennomførte på eit kunnskapsbasert grunnlag. Du får vere med å utvikle metodar, analysar og grunnlag som gjer at me tar riktige val – til rett tid – for å få mest mogleg verdi ut av ressursane våre og samtidig skape trygge og funksjonelle vegar for alle som brukar dei.


Arbeidsoppgåver

Databasebehandling og datakvalitet

Arbeid med strukturering, kvalitetssikring og tilgjengeleggjering av vegdata for både interne og eksterne leveransar.

Digitalisering av arbeidsprosessar
Bidra til utvikling og effektivisering av digitale løysingar knytt til vegforvaltning, planlegging, prosjektering og datainnsamling

Fagleg vidareutvikling av vegdataområdet
Aktiv rolle i å styrke kvalitet, bruk, forståing og verdien av vegdata i heile organisasjonen

Delta i prosjekter knytta til digitalisering av oppgåvene våreGIS - Analyse og presentasjon av data

Kvalifikasjonar

  • Utdanning innan geografi, GIS, IT eller tilsvarende er ønskjeleg, helst på masternivå
  • Erfaring i programmering og bruk av databasar  

Personlege eigenskapar

  • Evne til å jobbe godt i team og samarbeide, samt til å arbeide sjølvstendig, ta ansvar for eigne oppgåver og levere resultat
  • Oppmerksomheit på detaljar for å sikre kvalitet og nøyaktigheit i datahåndtering og analyse
  • Fokusert på å forstå og møte behova til brukarane
  • Gode analytiske evner og problemløysningsorientert

Me tilbyr

Hjå oss får du:

  • ein meiningsfull og samfunnsnyttig arbeidskvardag
  • ei spanande stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • løn etter avtale
  • gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar

 

Kontaktinformasjon

Jan Ove Stadheim, leiar, 99519864

Arbeidsstad


6863 Leikanger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5080508512
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Jan Ove Stadheim

leiar

99519864

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

976f2942-50c7-4bc4-b22c-559538c0ea50

Sist endret

5. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

4a5f3e92eb7740e199ed817cdf5ce6a0

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Digitaliseringsdirektoratet

Sted

Leikanger