Assistent ved Seimsdal sjukeheim
Årdal kommune Pleie og omsorg
Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, deltid 60%
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 21. juni
Har du lyst på ein jobb der du kan bidra til å gjere kvardagen til eldre betre?
Ved Seimsdal sjukeheim søkjer me no to engasjerte og omgjengelege assistentar som ynskjer å jobbe med eldre på ein trygg, varm og inkluderande arbeidsplass. Me har ledig følgjande stillingar:
- 60% fast stilling - kombinert med 20% vikariat slik at ein i perioden 01.09.2026 til 31.01.2027 har ei 80% stilling med moglegheit for lenging av vikariatet.
- 54% vikariat frå 01.09.2026 til 31.01.2027, med moglegheit for lenging av vikariat.
Korleis blir arbeidsdagen din?
Som tilsett hjå oss vil du vere ein viktig del av kvardagen til pasientane. Arbeidet ditt er variert og meiningsfylt, og du får bidra til god omsorg og trivsel.
Døme på arbeidsoppgåver:
- Gje grunnleggande stell og pleie
- Hjelpe pasientar med personleg hygiene
- Bistå under måltid og hjelpe dei som treng støtte til å ete
- Rydding og orden på pasientrom og fellesområde
- Delta i aktivitetar saman med pasientane
- Skylleromsarbeid og oppfølging av lager
- Journalføring etter gjeldande retningslinjer
- Kommunikasjon med pasientar og pårørande
Me jobbar alltid med fokus på brukarmedverknad – det som er viktig for kvar enkelt pasient, er viktig for oss.
Kan dette vere jobben for deg?
Du treng ikkje formell utdanning for å søke, men me legg stor vekt på personlege eigenskapar og motivasjon. Det er ein fordel om du har erfaring innan pleie og omsorgstenesta.
Me ser etter deg som er:
- Fleksibel, ansvarsbevisst og sjølvstendig
- God til å samarbeide og trygg i møte med andre
- Glad i ein aktiv og til tider travel arbeidskvardag
- Omsorgsfull, positiv og til stades i situasjonane
- Interessert i eldreomsorg og ynskjer å jobbe for pasientens beste
- God i norsk, både munnleg og skriftleg
Kva kan me tilby deg?
Hjå oss får du ein trygg og meiningsfull arbeidsplass med rom for utvikling og fagleg vekst.
Me tilbyr:- Ein jobb der du gjer ein forskjell
- Trygge og forutsigbare rammer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Tilgang til bedriftshytte på Skeikampen
- Løn etter utdanning og praksis, henholdsvis assistent i tråd med hovudtariffavtalen
- Årsturnus og moglegheit for lange vakter på helg
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d48aac7c-ebb1-40c7-98ec-f5e4b050c40a
- Sist endret
11. juni 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3636825_229361_nn