Helsefagarbeidar i Heimetenesta og på natt
Austevoll kommune
Birkelandsvegen 26, 5392 Storebø
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidar i Heimetenesta og på natt
- Type ansettelse
- Fast, deltid
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 5. januar
Om arbeidsstaden
Helse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV, psykisk helse og rus, kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg legge til rette med tenester tilpassa den enkelte sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.
Om stillinga
Austevoll kommune har ledig 80% fast stilling som Helsefagarbeidar med årsturnus i Heimetenesta og 65% vikariat som Helsefagarbeidar med årsturnus på natt, med mogelegheit for fast stilling. For stillinga i Heimetenesta ønsker vi at du kan starte i jobben så snart som mogeleg. For stillinga på natt er det ønskeleg med start dato 09.02.2026.
Ansvar og arbeidsoppgåver
Oppgåvene vil vera varierte, der pleie og oppfølging av bebuarane ved sjukeheimen og brukarar i heimen vil vera hovudoppgåva. Dette omfattar mellom anna:
- personleg pleie og omsorg
- oppfølging av medisinske tiltak i tråd med gjeldande rutinar
- observasjon og vurdering av helsetilstand
- dokumentasjon i journalsystem
- praktisk bistand og rettleiing i daglege gjeremål
- samarbeid med kollegaer og andre faggrupper
- kontakt og samarbeid med pårørande
Kvalifikasjonskrav
Formelle kvalifikasjonskrav:- Off. godkjent helsefagarbeidar.
- Gyldig politiattest
- Førarkort klasse B
- Det er ein føresetnad at søkar liker å jobbe med menneske, er fleksibel, arbeidsvillig, positiv og må trivast med å jobbe i team.
- Søkar må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg, vi samhandlar digitalt via pasientjournalsystemet; Profil.
Vi tilbyr
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
- Spanande utfordringar
- Løn etter kvalifikasjonar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Har du studielån? Då kan du få redusert utdanningsgjeld i tråd med regjeringa sitt statsbudsjett for 2026 - ein fantastisk moglegheit for deg som ønskjer å bu og arbeide her!
Slik søker du på stillinga
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.
Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai.
Kommunen har eit folketal på om lag 5500 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar.
Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d4204414-d5a7-4985-9a47-86a2bccd655d
- Sist endret
15. desember 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10273657
Lignende annonser
Helsefagarbeidar 60 til 80% fast stilling
Arbeidsgiver
Øygarden kommune Heimetenesta
Sted
Straume
Helsefagarbeider
Arbeidsgiver
Stord kommune
Sted
Stord
Helsefagarbeidar natt
Arbeidsgiver
Tysnes kommune
Sted
Uggdal