Hopp til innhold

Heimetenesta

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Heimetenesta

Sted

Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeidar x 2, 60-80% fast stilling
Type ansettelse
Engasjement, deltid 60%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Er du glad i ansvar, raus i møte med menneske og kreativ i jakta på dei gode løysingane? Vi ser etter deg som er ein engasjert og motivert  helsefagarbeidar!

Til stillingane ser vi etter deg som trivs med mange ballar i lufta, som er robust og positiv på krevjande dagar og som trivs best når du arbeidar i eit aktivt miljø. Dine kommunikasjonevner og samarbeidsevner er gode. Som helsefagarbeidar i heimetenesta får du høve til å utfordre, utvikle og tileigne deg mykje erfaring og kunnskap i ei teneste som stadig er under utvikling og vekst. Vi har fokus på å gje brukaren god livskvalitet, oppretthalde eigne ressursar og gje dei høve til å bu heime så lenge som mogleg gjennom førebyggjande behandling/ tiltak.

Vi søkar akkurat deg som er:

Omsorgsfull – Raus – Engasjert - Lojal 

og har:

Humor – Livsglede - Mot

Kva får du hjå oss:

VI har no ledig to faste stillingar som helsefagarbeidarar, der den eine er 60% og den andre er 60-80%. Som vår nye helsefagarbeidar vil få ei fast stilling i årsturnus med 16 arbeidshelgar (eventuelt fleire mot kompensasjon), årleg fagdag, internundervisning og mentorordning for nytilsette. Du vil møte motiverte og kunnskapsrike kollegaer, interessante utfordringar og ha høve til personleg og fagleg utvikling. Som tilsett hjå oss vil du og ha gode pensjons– og forsikringsordningar. Du har også høve til å søke startlån utan krav om eigenkapital gjennom kommunen.

Vår visjon er å skape framtidas heimeteneste! Vi treng nettopp deg som er motivert og som har lyst til å være med oss å realisere denne visjonen

Kvalifikasjonar:

Må ha:
  • Utdanning som helsefagarbeidar. Tilsette som er under utdanning/ venter på fagprøve eller som har kort tid igjen av læretida kan vere aktuell inn i stillinga om det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar
  • Førarkort klasse B
Ønskjeleg med:
  • Erfaring frå heimetenesta er ein fordel
  • Personlege eigenskapar:

    • Strukturert
    • Evne til å halde oversikt
    • Må kunne arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre
    • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
    • Som vår nye kollega er det viktig at du kjenner deg att i våre verdiar: Omsorg, livsglede, rausheit og engasjement. Du trivs med å tenkje nytt, samstundes som du tek vare på dei gode løysingane som allereie fins.

    Anna:

  • Dersom intern tilsetjing kan anna stillingsprosent bli ledig
  • Vi tilbyr:

    • Gode pensjons- og forsikringsordningar
    • Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
    • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
    • Interessante utfordringar
    • Høve til fagleg og personleg utvikling
    • Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån 

    Kontakt:

    Assisterande einingsleiar Kate S. Løland, tlf 56160502 / 950 71 121

    Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

    Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Om bedriften

    Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 850 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

    Sektor

    Offentlig

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    86ebff95-0f9c-4ff9-9f0e-7b89aa40c996

    Sist endret

    13. januar 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3574191_194035_nn

    Lignende annonser

    Sjukepleiar i Heimetenesta

    Arbeidsgiver

    Øygarden kommune Heimetenesta

    Sted

    Straume

    Helsefagarbeidar/assistent 15-20% stilling, helg

    Arbeidsgiver

    Øygarden kommune Sundheimen

    Sted

    Skogsvåg

    Helgestilling 20% fast

    Arbeidsgiver

    Øygarden kommune Lyngheia bufellesskap

    Sted

    Straume

    Tilkallingsvikarer ved Tednebakane omsorgssenter

    Arbeidsgiver

    Øygarden kommune Tednebakkane omsorgssenter

    Sted

    Rong