Hopp til innhold

Sundheimen

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Sundheimen

Sted

Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5382 Skogsvåg

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeidar/assistent 15-20% stilling, helg
Type ansettelse
Fast, deltid 20%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 6. april

Vil du bli ein av våre engasjerte medarbeidarar og vere med å arbeide i eit spanande team? Vi søkjer fleire helsefagarbeidarar, studentar innan helsefag og andre som har erfaring eller ønskje om å arbeide på sjukeheim. Vi kan tilby 15-20% fast stilling som kan aukast med fleire helger dersom ønskjeleg. Ønskje om langvakter vil bli vurdert. 

Om avdelinga:

Sundheimen er ein kommunal sjukeheim med heildøgnstenester. Det er 44 pasientar fordelt på to avdelingar og 5 bufellesskap, tre på  somatisk og demens. 10 av 20 omsorgssbustader som ligg i nabobygget skal og driftast av Sundheimen. Sundheimen og omsorgsbustadane har langtidspasientar med komplekse og samansette diagnosar.

Sundheimen er lokalisert i Skogsskiftet omlag 15 min frå Straume. Det er gratis parkering for tilsette og moglegheit for lading. Her er det stor tverrfaglegheit med lege fem dagar i veka, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, servicearbeidar, miljøarbeidar med fleire, for å prøve dekkje bebuarane sine behov.

Arbeidsoppgåver:

  • Heilskapleg omsorg
  • Helsefaglege oppgåver, som stell og pleie og miljøarbeid,
  • Ivareta pasientane sine individuelle behov.
  • Avdelingsarbeid
  • Dokumentasjon
  • Rettleiing, undervisning og tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar:

  • Autorisasjon: helsefagarbeidar
  • Studentar innan helsefag
  • Assistentar med arbeidserfaring innan eldreomsorg
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar

Vi ønskjer deg som har:

  • Interesse for å arbeide med eldre
  • Evne til å arbeida sjølvstendig og strukturert
  • Er engasjert og ansvarsbevisst
  • Gode samarbeidsevner 
  • Evne til å takle stress og hektiske situasjonar når det er naudsynt
  • Er fleksibel
  • Bidreg til godt arbeidsmiljø ved å fremme det positive

Anna:

  • Dersom du er under høgare utdanning som sjukepleiarstudent, vernepleiarstudent, legestudent vert du etter lokal avtale løna slik :  
  • 1. studieår  kr 10.000 over sentral garantiløn
  • 2. studieår kr 20.000 over sentral garantiløn
  • 3. studieår kr 50.000 over sentral garantiløn
  • Du må dokumntere kor langt du er komen i studiet

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Gratis parkering

Kontakt:

Avdelingsleiar, Glenn Bjærum tlf 90076112

Avdelingsleiar, Silje Skagen Heimdal tlf 96942550

Einingsleiar, Janne Thode tlf 45044569

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Janne Thode

+47 45044569 +47 56160400

janne.thode@oygarden.kommune.no

Om bedriften

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 850 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

bd7d1c32-a9a6-45d1-a485-4ad44f58e0b0

Sist endret

7. januar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3580899_194033_nn

Lignende annonser

Sjukepleiar 80-100 % fast stilling

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Sundheimen

Sted

Skogsvåg

Sjukepleiar, 100% vikariat

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Sundheimen

Sted

Skogsvåg

Helsefagarbeidar 18 -20 % fast stilling , helg

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Kvednatunet

Sted

Ågotnes