Hopp til innhold

Helgestillingar hos Heimetenester Eikelandsosen

Arbeidsgiver

Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester

Sted

Leitet 28, 5640 Eikelandsosen

Om jobben

Type ansettelse
Fast, deltid 22%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 31. mai

Har du lyst til å jobba i heimesjukepleien saman med gode kollegaer? Då er dette ein flott moglegheit for deg som er i eit helsefagleg utdanningsløp til å få lærerik praksis i høve utdanninga di. Er du ufaglært og har interesse for arbeid med menneske er du også velkommen til å søkje, og tidlegare arbeidserfaring vil bli vurdert opp mot det som er relevant for stillinga. Stillingane er i turnus i varierande stillingsstorleik (13 – 22%) med arbeid på helg etter gjeldande turnusavtale.

Arbeidsstad
Heimetenester i Eikelandsosen

Arbeidsoppgåver
  • Pleie- og omsorgsoppgåver til heimebuande
  • Medansvarleg for dokumentasjon og medikamenthandtering
  • Ansvar for å gje hjelp ut i frå brukaren sitt vedtak og til avtalt kvalitet
  • Bidra til god ressursutnytting og tverrfagleg samarbeid
  • Bidra til at interne og eksterne lover, reglar og prosedyrar blir fulgt
  • Fokus på fagutvikling
Kvalifikasjonar
  • Helsefagarbeidar, studentar innan helsefag, assistentar, evt andre med relevant helsefagleg erfaring
  • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
  • Vera pådrivar for planlegging, iverksetting og evaluere tiltak
  • Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
  • Førarkort kl. B

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest. 

Personlege eigenskapar
  • Sjølvstendig og strukturert
  • Løysingsorientert og endringsvillig
  • Fleksibel og lojal
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Motiverande og engasjerande medarbeidar med godt humør
  • Bidra til godt samarbeid med brukarar og pårørande
  • Bidra til godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar. For sjukepleiarar og vernepleiarar i turnus i pasientnært arbeid, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnlønn på kr. 25.000 over garantilønnstabellen. Studentar med relevant utdanning er omfatta av eiga avlønning
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Det vil bli gjort fortløpande tilsetjing i helgestillingane slik at vi oppmodar om at du sender inn søknaden din snarast! Vi ser fram mot å høyre frå deg!

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Gro Elisabeth Almås

Avd.leiar

+47 481 25 246

gea@bjornafjorden.kommune.no

Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

583d8168-3d32-428d-8bba-07a1afa2fd23

Sist endret

18. desember 2025

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3574349_196061_nn

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester

Sted

Os