Hopp til innhold

Helsefagarbeidar - 100 % vikariat

Arbeidsgiver

Bjørnafjorden kommune Heimetenester Os

Sted

Holen 1, 5200 Os

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Vi har ledig 100 % stilling som helsefagarbeidar i vikariat frå snarast og til 31.12.26 med mogleg forlenging. Stillinga er i turnus med arbeid på helg etter gjeldande turnusavtale.

Heimesjukepleien er ein kjekk arbeidsplass der du får arbeide med flotte medarbeidarar. Vårt mål er at alle brukarar skal få bu i eigen heim så lenge dei kan. Arbeidet er variert, hektisk og innimellom litt uforutsigbart. Vi ønskjer ein feksibel og løysningsorientert medarbeidar og håpar at du vil vere med å jobbe ein stad som er i stadig utvikling.

Arbeidsstad
Heimetenester Os

Arbeidsoppgåver
  • Utøva god pleie og omsorg som sikrar kvalitet og at brukarane sine rettar vert teken i vare
  • Helsefagarbeidar i heimetenesta har mange deligerte oppgåver, må kunne ta dette ansvaret
  • Delta i utarbeiding av gode system og rutinar
  • Ta del i primær/sekundær kontakt rundt brukarane
  • Dokumentera helsehjelp i Profil
  • Samarbeide med og rettleie yrkesgrupper innan eige fagområde
  • Samarbeida med brukarar, pårørande, og andre helsetenester
  • Ansvarleg for å halda seg fagleg oppdatert
Kvalifikasjonar
  • Autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
  • Førarkort kl. B.
  • Søkjarar utanfor Norden må dokumentera bestått " Bergenstest" (test i norsk - på høgare nivå.)

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Personlege eigenskapar
  • Vi ønskjer ein person som er løysningsfokusert og som har gode kommunikasjons -og samarbeidsevner
  • Er ein god motivator og støtte for brukar, og pårørande

Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar og du må lika å arbeida tverrfagleg saman med sjukepleier, helsefagarbeidar og assistentar.

Vi tilbyr
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.


Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

45a46bc8-7631-4e46-8c7d-1dcb90778ea6

Sist endret

21. januar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3577463_196057_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser