Fagarbeidarar i turnus (deltid - fast og vikariat)
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, deltid 75%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 30. januar
Tilrettelagte tenester, f.t Fusa buteneste, har ledig:
- 75% stilling fast, ledig frå 01.03.26
- 75% vikariat frå snarast - 31.08.2027
Arbeidsstad
Fusa butenester er avdeling i Fusa, v /eining; Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune. Tilrettelagte tenester gjev tenester til både born og vaksne med ulike funksjonsnedsettingar. Tenestene består av 9 bufellesskap, 2 dagsenter, tenester i heim, ambulante tenester, og avlastningsenter for born.
Stillinga her er f.t knytt opp mot Fusa buteneste.
Arbeidsoppgåver
Den tilsette skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukermedvirking og førebygging. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar.
Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver. Det vil kunne ligge primærkontaktansvar til stillinga.
Stillingane er i turnus, med moglegheiter for langvakter.
Kvalifikasjonar- Vi søkjer deg som har helsefagleg utdanning, men studenter under helsefagleg utdanning eller andre med relevant arbeidserfaring, er også ønskjeleg. Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk. Vi legg vekt på å setja saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlege eigenskap
- Det vert lagt vekt på erfaring og kjennskap til brukargruppa
- Bilsertifikat kl. B er nødvendig.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8859ab20-6bf6-4b7b-881e-537a53864913
- Sist endret
16. januar 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3584953_196017_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
Sted
Os
Tilkallingsvikarar 2026
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
Sted
Os
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester
Sted
Eikelandsosen