Fagarbeidarstillingar i turnus
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 26. mars
Tilrettelagde tenester, for tida ved avdeling Søfteland bufellesskap, har ledige stillingar:
- 100 % fast stilling er ledig frå 01.05.2026
- 100 % vikariat er ledig frå 18.05.2026 til og med 31.08.2026 med moglegheit til lenging
Arbeidsstad
Tilrettelagte tenester for vaksne gjev tenester til personar over 18 år med ulike funksjonsnedsettingar. Tenestene omfattar ni bufellesskap, ambulerande miljøtenester og to dagsenter. Søfteland bufellesskap er eit nytt bufellesskap under Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune. Søfteland bufellesskap ligg i eit etablert bustadområde på Søfteland, ca. 10 minutt frå Os sentrum. Her bur seks unge tenestemottakarar med varierande og samansette funksjonsnedsettingar. Vi er i ein spennande oppstartsfase og ønskjer nye kollegaer som vil vere med å forma og vidareutvikla ein trygg og fagleg sterk arbeidsplass.
- Yta eit heilskapleg, fagleg og personsentrert omsorgstilbod med fokus på livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging
- Sikra bistand i daglege gjeremål og sosiale aktivitetar, inkludert følgje til dagsenter.
- Administrering av medisinar
- Bidra til ei trygg og føreseieleg ramme for kvar tenestemottakar gjennom støtte, omsorg og struktur
- Samarbeid med pårørande, legar, fastlege, spesialisthelsetenesta m.m., samt delta i samarbeidsmøter
- Observasjon og dokumentasjon i EPJ
- Utføre målretta miljøarbeid og oppfølging av tiltak
- Ha primær- eller sekundærkontaktansvar
Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar.
Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.
- Helsefagarbeidar m/autorisajon, men andre med kjennskap til brukargruppa eller er under helsefagleg utdanning, vil og bli vurderte.
- Erfaring frå målretta miljøarbeid med brukargruppa og erfaring med åtferdsarbeid, vil bli vektlagt. Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk
- Vi legg vekt på å setja saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde
- Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Vi tilbyr- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e91eee65-b111-4687-ac6f-55e92d940f6b
- Sist endret
27. februar 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3600639_196017_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
Sted
Os
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
Sted
Os
Helgestilling i turnus
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
Sted
Os