Støttekontaktar/ fritidskontaktar
Vestre Slidre kommune
Slidrevegen 16, 2966 Slidre
Om jobben
- Stillingstittel
- Støttekontaktar/fritidskontaktar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 20. mars
Ein fritidskontakt/ støttekontakt bidreg til ei meiningsfull fritid for andre, hjelper med deltaking i kultur- og fridtidsaktivitetar og/ eller inn i frivillige lag og organisasjonar.
Som fritidskontakt/ støttekontakt er du med på å bidra til at tenestemottakarar får ei aktiv tilvære i lag med andre.
Arbeidsoppgåver
Ein fritidskontakt/ støttekontakt er ein ledsagar og motivator for at personar som treng det skal koma seg ut på fritidsaktivitetar saman med andre.Kvalifikasjonar
- Det stillast ingen krav til kompetanse/ utdanning
- Du må vere over 18 år og ha plettfri vandel
- Du må ha gode norskkunnskapar
- Krav om politiattest før oppstart
Teieplikt må signerast ved tilsetting. Førarkort er ikkje eit krav, men er ein stor fordel.
Personlege eigenskapar
- Vi vektlegg personleg egnaheit og kjemi mellom deg og tenestemottakar
- Du må vere nøyaktig og pliktoppfyllande
- Du må ha gode samarbeidsevner og evne til å etablere kontakt
- Du må ha respekt for andre menneske, overskot til å gje av deg sjølv og vere trygg på deg sjølv
- Ein fritidskontakt må kunne setja grenser
Vi tilbyr
- Kommunen bidreg med naudsynt opplæring og oppfølging
- Det blir inngått ei oppdragsavtale med Vestre Slidre kommune
- Arbeidet er lønna etter gjeldande satsar.
Kontaktinformasjon
Ninni Larsen, Tildelingskontoret, +47 48 25 14 59, ninni.larsen@vestre-slidre.kommune.noArbeidsstad
Slidrevegen 162966 SLIDRE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommuneReferansenr.: 5092199138
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.03.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Andre opplysningar
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje.
Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.
Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.
Flytte til Valdres? Sjå http://www.velgvaldres.noSektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d4138348-cca8-4d40-abc5-cc2a1668734d
- Sist endret
10. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c8737f3915fb408994dcabcdd1fb9a21