Hopp til innhold

Vikariat - Lærar på avdeling Elektro og datateknologi

Arbeidsgiver

OPK-FL - Flora vgs, Vestland fylkeskommune

Sted

6906 Florø

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Vikariat - Lærar på avdeling Elektro og datateknologi
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Flora vidaregåande skule, ligg i Florø og har sju utdanningsprogram innan både studieførebuande- og yrkesfag. Vi er omlag 90 tilsette som kvar dag bidreg til læring, inspirasjon og trivsel for ungdom og vaksne. Meir informasjon om skulen finn du på flora.vgs.no.
Frå 01.04.26 har vi ledig eit års vikariat som faglærar i elektrofag. Søknadsfrist: 19.01.26

Arbeidsoppgåver

Undervising og oppfølging av elevar.

  • Stillinga er ei 100% vikariat med med undervisning i aktuelle programfag på vg1 og vg2 etter kompetanse og behov. Stillinga kan verte tillagt kontaktlæraroppgåver. Flora vgs har VG1 Elektro og datateknologi og VG2 El-energi og ekom.
  • Du skal samarbeid med kollegaer og leiing, og med opplæringskontor og næringsliv om formidling av læreplass til elevane.

Kvalifikasjonar

Relevant fagbrev, samt minimum fire års relevant yrkeserfaring etter gjennomført fagbrev. Kjennskap til lokalt næringsliv er ønskjeleg. Teknisk fagskule eller annan høgare utdanning, eventuelt godkjend yrkesfaglærarutdanning. God og oppdatert kjennskap innan HMS, kvalitet og dokumentasjon.

Det er ønskjeleg med lærarkompetanse, men søkjarar utan formell undervisningskompetanse (fagleg og pedagogisk) kan tilsettast i vikariatet dersom det ikkje er søkjarar som har lærarkompetanse. 

Den som blir tilsett må legge fram politiattest av nyare dato.

Det er ynskjeleg med:
- Undervisningserfaring.
- Erfaring i bruk av IKT og varierte digitale undervisningsmetodar.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
- Relevant autorisasjon/sertifikat/kursbevis

Personlege eigenskapar

  • Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar og vi ønskjer ein medarbeidar som likar å arbeide med ungdom og som er ein god rollemodell. Du må vere oppteken av å skape eit trygt og godt læringsmiljø og framstå som tydeleg og inkluderande. Som lærar må du vere bevisst ansvaret som ligg i å leie arbeidet for elevane, og legge til rette for deira utvikling og dermed kvaliteten på opplæringa. Som lærar innan eit yrkesfag er det viktig å sjå utdanninga som primært ei førebuing til lære. Det er forventa at du kan planlegge, gjennomføre og evaluere undervisninga både sjølvstendig og i samarbeid med andre. Du må vere reflektert både sjølv, og i lag med andre og vere motivert for å bidra til både eiga og andre si endring og utvikling. God digital kompetanse også i digital teikning. Variert og omfattande erfaring knytt til elektro og datateknologi, el-energi og ekom og kjennskap til lokalt næringsliv.
  • Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting. 

    Vi tilbyr

    • Eit aktivt og stimulerande fagmiljø.
    • Gode høve til eiga læring og utvikling. 
    • Løn og lønsutvikling i tråd med tariffavtalen og Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
    • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.

    Nærare informasjon om stilling kan du få ved å vende deg til skulen ved avdelingleiar Ole Hartvik Hennøy 
    Tlf: 91 87 27 26. 

    Søknadsfrist: 19.01.26

    Kontaktinformasjon

    Knut Christian Clausen, rektor                        , 41530684

    Arbeidsstad


     

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

    Referansenr.: 5058764664
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 19.01.2026

    Om bedriften

    Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

    Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

    Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

    Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

    Sektor

    Offentlig

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    d3c9333e-347c-478e-9ee1-4781cdcee77f

    Sist endret

    20. januar 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    db46e8b9a55145b1bcc0b6666220fad4

    Lignende annonser

    Arbeidsgiver

    Florø ungdomsskule

    Sted

    Florø