Hopp til innhold

Skipsførar - Arsvågen-Mortavika!

Arbeidsgiver

Maritim Drift, Fjord1 AS

Sted

E39, 5561 Bokn

Om jobben

Stillingstittel
Skipsførar Arsvågen-Mortavika
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 19. mai

Vi søker no etter ei skipsførar som ønsker å bli ein del av besetninga på gassferjene i sambandet Arsvågen–Mortavika pt. MF Mastrafjord.

Turnusordninga er 2 veker på og 2 veker fri - ei ordning som gir god balanse mellom jobb og fritid. Under arbeidsperiodane bur du om bord, og reise til og frå arbeidsperioden blir dekka av rederiet.

I rolla som skipsførar får du ei sentral leiarrolle der du har ansvar for trygg og effektiv drift av sambandet. Du blir ein viktig bidragsytar til gode opplevingar for både passasjerar og mannskap, og samarbeider tett med kollegaer både om bord og på land for å sikre ei stabil og velfungerande ferjedrift.  Arbeidsdagane kan vere travle, med skiftande vêr, mykje trafikk og høgt tempo. Stillinga passar difor for deg som er trygg i rolla som skipsførar og trivst med ansvar. 

Tiltreding etter avtale. 

Relevante kandidatar vil bli kontakta fortløpande. 


Arbeidsoppgåver

Som skipsførar vil du ha det overordna ansvaret for trygg og effektiv drift av fartøyet. Dette omfattar sikkerheitsstyring, energileiing, den tekniske og operative tryggleiken om bord. I tillegg til ansvar for både personleg og miljømessig tryggleik. Du skal sikre at alle operasjonar blir gjennomførte i tråd med gjeldande regelverk, prosedyrar og krav frå styresmakter.

Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.

Som leiar om bord er du ansvarleg oppfølging av rutinar og kvalitetssystem. I tillegg skal du utføre dei oppgåvene som går fram av stillingsinstruksen og sørgje for at alle avgjerder blir tekne med tryggleik og driftseffektivitet i fokus.

Kvalifikasjonar

  • D1-sertifikat.
  • ROC/GMDSS-sertifikat.
  • Ferdigheitssertifikat medisinsk behandling.
  • Sikkerheitskurs etter kvalifikasjonsføreskrifta.
  • Ferdigheitssertifikat, videregåande IGF.
  • Krise- og passasjerhandtering.
  • Gyldig helseattest.
  • Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig.
Fjord1 dekker IGF kurs og krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar.

Personlege eigenskapar

Vi søker en ansvarsbevisst og løsningsorientert skipsfører med god dømmekraft. Du er en trygg leder, trives med samarbeid, og tar selvstendige beslutninger som sikrer både mannskap og passasjerer.

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter avtale mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund.
  • Sjøvakt, 2 veker på og 2 veker av.
  • Ein bur om bord i arbeidsperioden.
  • Dekka reisekostnader til/frå arbeidsperiode.
  • Treningsrom om bord i fartøyet.
  • Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår!
  • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar.
  • Dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø.

Kontaktinformasjon

Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no

Arbeidssted

E39
5561 Føresvik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Fjord1 AS

Referansenr.: 5123516375
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Benedicte Ellingsen

Rekrutteringsmedarbeider

47887896

benedicte.ellingsen@fjord1.no

Om bedriften

Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d3788741-da25-4e62-bc4f-7042acbc8b9c

Sist endret

4. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

651bb3103cff4dba80423e9e478b2fe0

Lignende annonser

Laster lignende annonser