Hopp til innhold

Avdelingsleiar Helse og inkludering

Arbeidsgiver

Region Sogn, Nav

Sted

Sognefjordvegen 56, 6863 Leikanger

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Avdelingsleiar Helse og inkludering
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Nav Sogndal er regionkontor i Sogn med om lag 40 tilsette fordelt på fire avdelingar. Vi samarbeider tett med dei andre Nav‑kontora i regionen og leverer tenester til kommunane Vik, Luster, Årdal, Lærdal, Aurland og Sogndal.

Kontoret held til i moderne lokale på Leikanger med aktivitetsbasert arbeidsplass (ABW), som legg til rette for fleksibilitet, læring og samarbeid. Vi har eit godt arbeidsmiljø og tilbyr spanande faglege utfordringar og gode utviklingsmoglegheiter.

Om stilllinga 
Vi har ledig fast stilling som avdelingsleiar i den nye avdelinga Helse og inkludering frå 15. februar 2026. Avdelinga har ansvar for drift og utvikling av det regionale oppfølgingsteamet i Sogn, som arbeider med arbeidsretta oppfølging av sjukmeldte og personar over 30 år med nedsett arbeidsevne.

Som avdelingsleiar får du fag- og personalansvar for dei tilsette rådgjevarane i Nav Sogndal og fagleg ansvar for resten av teamet. Du blir del av leiarteamet ved Nav Sogndal og leiargruppa i Nav region Sogn, og får ei sentral rolle i utviklinga av arbeidsmetodikk og tenester.



Kva går jobben ut på? 

  • Fag- og resultatansvar for dei oppgåvene som er lagde til regionalt oppfølgingsteam Sogn.
  • Personalansvar for tilsette i Nav Sogndal som har arbeidsoppgåver i regionalt oppfølgingsteam Sogn.
  • Vere tett på den daglege drifta i teamet og sikre god fagleg støtte til koordinatorar og rådgjevarar.
  • Sikre god kopling til utviklingsarbeid i andre regionale team i Nav region Sogn.
  • Initiere utviklingsarbeid i teamet, særleg innan arbeidsmetodikk og samarbeid med arbeidsgivarar og behandlarar.
  • Vere bindeledd mot leiargruppa i Sogn og rapportere til leiar for Nav region Sogn.
  • Nav er i stadig utvikling og endring. Du må derfor rekne med at det kan kome endringar i ansvarsområde og oppgåver i di avdeling.

 Kva kompetanse er viktig i denne rolla? 

  • Fullført utdanning frå universitet eller høgskule tilsvarande minimum bachelor. Relevant utdanning og/eller arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • Leiarerfaring
  • Svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk
  • Gode digitale ferdigheiter og interesse for å nytte nye digitale vertkøy
  • Førarkort klasse B

Det er positivt om du også har

  • Erfaring frå leiing med personalansvar
  • Kunnskap om og interesse for kompetanse- og tillitsbasert leiing
  • Kompetanse eller erfaring innan organisasjonsutvikling, læring eller endringsarbeid
  • Kjennskap til eller erfaring frå Nav

Kva ser vi etter hos deg

  • Effektiv og strukturert
  • Utviklingsorientert
  • Trygg og tydeleg
  • Gode samarbeidsevner
  • Motivert for å skape gode resultat gjennom andre

Kvifor velje oss

  • Utfordrande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde.
  • Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø.
  • Fleksibel arbeidstidsordning og mogelegheit for 1 time trening i arbeidstida.
  • God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
  • Vi tilbyr fast stilling i stillingskode 1407 Avdelingsleder, med årslønn for tida i lønnsspenn: kr 750 000 – 850 000. For særs kvalifiserte søkarar kan noko høgare lønn vurderast.

Les meir om Nav som arbeidsgivar

Kontaktinformasjon

Sara Johnsborg, Sara.Christine.Johnsborg@nav.no

Arbeidssted

Sognefjordvegen 56
6863 Leikanger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Nav

Referansenr.: 5061977721
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.01.2026

Om bedriften

Nav søker ansatte med hjerte for mennesker og våre fagområder. Vår visjon er å gi mennesker muligheter, og dette gjør vi ved å utvikle Norges beste arbeids- og velferdstjenester.

Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidere. Vi jobber tverrfaglig i sterke fagmiljøer. Hos oss skal arbeidsmiljøet preges av involvering, åpenhet og tillit.

Mangfold er viktig i Nav. Mangfold bidrar til bedre problemløsing, økt kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppfordrer derfor kandidater med ulik bakgrunn til å søke på stillinger hos oss, spesielt om du har hull i CV-en, innvandrerbakgrunn eller nedsatt funksjonsevne.

Når du søker jobb hos oss, vil navnet ditt stå på en offentlig søkerliste. Ønsker du å bli unntatt fra offentlig søkerliste må du begrunne dette. Del gjerne ditt vitnemål eller karakterutskrift via vitnemålsportalen.no.

NAVstilling

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d26d72cc-0444-43e3-ac86-e09cd8c54c8e

Sist endret

24. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

5ccc8355003b4fa8be85d0bbfdd2b345

Lignende annonser