Hopp til innhold

Sjukepleiarar / vernepleiarar: Vil du bruke faget ditt der det verkeleg tel?

Arbeidsgiver

Sogndal kommune Heimetenesta avd Sogndal

Sted

Plassen 2, 6856 Sogndal

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest fredag 20. mars

Heimetenesta i Sogndal kommune søkjer sjukepleiarar og vernepleiarar som vil vere tett på menneske i kvardagen. Her er du ikkje ein brikke i eit stort system. Du er ein fagperson som tek sjølvstendige vurderingar, samarbeider tett med kollegaer og utgjer ein reell forskjell for den enkelte. 

No styrkjer me laget med fleire stillingar: 

Sjukepleiarar (100 %) 
To faste stillingar og eitt vikariat med moglegheit for fast tilsetjing. Tredjeårs sjukepleiarstudentar kan søkje og bli fast tilsette når autorisasjon ligg føre. 

Vernepleiarar (100%) 
To faste stillingar.  

Stillingane går i turnus, med moglegheit for langvakter. 

Ein kvardag med ansvar og fagleg breidde
I heimetenesta møter du menneske i ulike livssituasjonar. Du arbeider sjølvstendig, men aldri åleine. 

Oppgåvene omfattar mellom anna: 

  • Sjukepleiefaglege vurderingar og helsehjelp i heimen 

  • Oppfølging av medikament og dokumentasjon 

  • Kvardagsrehabilitering og støtte i daglege gjeremål 

Samarbeid med pårørande og tverrfaglege tenester 
 
Dette er ei rolle for deg som likar å bruke både fagkunnskap, dømmekraft og relasjonell kompetanse. Du får ansvar. Du får tillit. Og du får vere med å utvikle tenestene vidare. 


Kven er du? 
Du er autorisert sjukepleiar eller vernepleiar. Du står støtt i faget ditt, også når situasjonane krev ro og prioritering. Du arbeider strukturert, tek ansvar og ser etter løysingar. Du trivst med samarbeid, men er komfortabel med å ta avgjerder på eiga hand. Og du veit at kvalitet i tenestene handlar om både fag og menneskemøte. 

Det er krav om: 

  • Norsk autorisasjon 

  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg 

  • Førarkort  

  • Politiattest ved tilsetjing 

Kvifor heimetenesta? 
Heimetenesta gir deg breidde i faget. Du følgjer brukarar over tid, ser utvikling og justerer tiltak undervegs. Du får arbeide tett på liv, ikkje berre diagnosar. Du blir del av eit fagmiljø der kollegaer samarbeider tett i kvardagen. Her deler me erfaringar, støttar kvarandre og tek ansvar saman. 

Lønn følgjer gjeldande avtaleverk. Pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP. 

Litt om oss 
Sogndal kommune har om lag 12 000 innbyggjarar og rundt 1300 medarbeidarar. Me er ein kunnskapsbasert og framtidsretta kommune med ambisjonar for både tenestene våre og folka som arbeider her. 

Me ønskjer eit mangfaldig arbeidsfellesskap og oppmodar alle kvalifiserte til å søkje. Administrasjonsspråket i kommunen er nynorsk, og alle tilsetjingar skjer med seks månaders prøvetid. I tråd med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjorde, sjølv om du ber om unntak. Du blir varsla før eventuell offentleggjering. 

Vil du vite meir? 
Ta kontakt med Guro Halrynjo eller Siv Vatlestad for ein uforpliktande prat. 

Me håpar å høyre frå deg. 

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Siv Vatlestad

siv.vatlestad@sogndal.kommune.no

Om bedriften

Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a627e574-ff68-4af1-8b0a-e7098183badc

Sist endret

2. mars 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3601329_198627_nn

Lignende annonser