Hopp til innhold

Pasientportør

Arbeidsgiver

Seksjon for forsyning og interntransport SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Opdølvegen 4, 6450 Hjelset

Om jobben

Stillingstittel
Pasientportør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest i dag

Er du ein aktiv person som likar bevegelse og varierte oppgåver innan helse, så er dette jobben for deg.Seksjon for Interntransport og forsyning har no ledig ei 100 % fast stilling og ei 50 % fast stilling som pasientportør. Vi søkjer også etter to pasientportørar som tilkallingsvikarar. 

Seksjon for Interntransport og forsyning er ein sentral del av drifta ved eit sjukehus. Seksjonen er ei tverrfagleg gruppe som består av portørar, tekstilportørar, logistikkportørar og pasientportørar. Vi sørgjer for forsyning av forbruksvarer, plasserer ut tøy, tek varemottak, leverer ut mat og utstyr i tillegg til å forflytte pasientar mellom avdelingane.

Pasientportørane har som oppgåve å forflytte pasientar, bistå ved mors, utlevering og innhenting av instrument og gassleveringar. På veien til eller ved ledige periodar bistår dei andre portørar med oppdrag basert på kompetanse eller opplæring.

Stillingane går inn i turnus og ein må rekne med noko arbeid kveld og helg. 

Vi ber om at attestar og vitnemål blir skanna og lasta opp som vedlegg til CV.


Arbeidsoppgåver

  • Forflytting av pasientar mellom avdelingar eller til resepsjon
  • Leiring av pasientar i samband med flytting
  • Bistå ved mors
  • Utlevering og innhenting av skopi og medisinsk gass
  • Forflytting av reine og ureine senger
  • Forflytting av hjelpemiddel og medisinteknisk utstyr
  • Hjelpe andre fagportørar ved behov
  • Andre oppgåver ved seksjonen

Nye oppgåver kan tilkomme seksjonen og pasientportørane ut i frå behov frå andre avdelingar.

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer primært etter personar med fagbrev som pasientportør eller som er i sluttfasen med å få fagbrev i dette
  • Andre fagbrev innan helse/omsorg vil også bli vurderte
  • Erfaring som pasientportør vil vere ein fordel  

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsevner  
  • Løysingsorientert
  • Situasjonsorientert
  • Nysgjerrig
  • God til å sjå mogelegheiter
  • God på koordinering

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Vidar Andreassen, Seksjonsleiar, vidar.andreassen@helse-mr.no

Arbeidsstad

Opdølvegen 4
6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5060881135
Stillingsprosent: 100, 0, 50%
Fast, Tilkalling/Timebasis
Søknadsfrist: 27.02.2026

Kontaktperson for stillingen

Vidar Andreassen

Seksjonsleiar

vidar.andreassen@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

 

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Forside - Helse Møre og Romsdal
 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d1ae27d3-c8ba-478d-adaf-06f3e40716e3

Sist endret

16. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

eaa4077f8a804b6289964772b6cb2a89

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Sengepost Medisin 1 SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Hjelset