Hopp til innhold

Lærlingar i portørfaget

Arbeidsgiver

Felles støttefunksjon drift, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Opdølvegen 4, 6450 Hjelset, Åsehaugen 5, 6017 Ålesund

Om jobben

Stillingstittel
Lærlingar i portørfaget
Oppstart
17. august 2026
Type ansettelse
Lærling, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 2. mars

Vil du ha ein aktiv og meiningsfull arbeidskvardag – og vere ein viktig del av helsetenesta?

Helse Møre og Romsdal opnar no dørene for nye lærlingar i portørfaget! Etter å ha vorte godkjend som lærebedrift i 2023, tok vi imot våre første lærlingar sommaren 2024. Erfaringane har vore svært gode, og no ønskjer vi å gi endå fleire moglegheita til å ta fagbrev i eit viktig og samfunnsnyttig yrke.

Med oppstart i august 2026 planlegg vi å ta inn totalt fire nye lærlingar – to ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) og to ved Ålesund sjukehus. Som portørlærling blir du ein sentral del av sjukehuskvardagen og bidreg til trygg, effektiv og god pasientflyt. Du får ein variert arbeidsdag med praktiske oppgåver, tett samarbeid med ulike fagmiljø og dagleg kontakt med pasientar og kollegaer.

Portørfaget passar for deg som trivst med å vere i rørsle, er serviceinnstilt og kommuniserer godt med menneske i ulike situasjonar. Hos oss får du ei spennande læretid i eit sterkt fagmiljø, med god oppfølging og høve til fagleg utvikling.

Opplæringa skjer i nært samarbeid mellom sjukehusa og lokale opplæringskontor, og målet vårt er klart: Vi ønskjer å tilby fast tilsetjing etter fullført læretid sommaren 2028.

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal flytta i april 2025 inn i eit heilt nytt og moderne akuttsjukehus på Hjelset i Molde kommune – eit framtidsretta sjukehusmiljø der du får vere med og forme vidare utvikling. 

Vi gler oss til å høyre frå engasjerte og motiverte søkjarar innan søknadsfristen 2. mars. Hugs å leggje ved relevant dokumentasjon, som vitnemål og eventuelle attestar.


Arbeidsoppgåver

  • Transportere pasientar, utstyr og medikament på ein profesjonell og trygg måte
  • Observere og rapportere om pasienten sin tilstand i samband med transport
  • Ha spesiell merksemd på logistikk, ressursutnytting og kostnadseffektivitet
  • Utføre oppgåver knytt til beredskapsplanar og HMS
  • Samarbeide tett med anna helsepersonell for å sikre optimal pasientomsorg

Kvalifikasjonar

  • Fullført og bestått VG1 og VG2 innan relevante fag
  • Gode norskkunnskapar
  • God IT-kompetanse og ei strukturert tilnærming til oppgåvene

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig, men òg som ein del av eit team
  • Gode fysiske føresetnader for å utføre eit mangfald av portøroppgåver
  • Gode kommunikasjonsevner med ei empatisk, men profesjonell tilnærming
  • Vere godt personleg eigna

Vi tilbyr

  • Ein spanande læringsarena i spesialisthelsetenesta
  • Profesjonell rettleiing og opplæring i samsvar med opplæringsplan/læringsmål
  • Særs meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver i eit sterkt tverrfagleg miljø
  • Mogelegheit for fast tilsetjing etter læretida
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Kontaktinformasjon

Vegard Edvardsen Kjemphol, Seksjonsleiar Ålesund, vegard.edvardsen.kjemphol@helse-mr.no
Vidar Andreassen, Seksjonsleiar SNR, vidar.andreassen@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5067678815
Stillingsprosent: 100%
Utdanningsstilling
Startdato: 17.08.2026
Sluttdato: 16.08.2028
Søknadsfrist: 02.03.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Vidar Andreassen

Seksjonsleiar SNR

vidar.andreassen@helse-mr.no

Vegard Edvardsen Kjemphol

Seksjonsleiar Ålesund

vegard.edvardsen.kjemphol@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

 

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Forside - Helse Møre og Romsdal
 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

317363a6-c5cc-41f2-b6ee-d4e41a791b18

Sist endret

23. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

d06660aaeaff4887ad06f88d994aec6d

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Seksjon for forsyning og interntransport SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Hjelset

Arbeidsgiver

Prehospital klinikkleiing og stab, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Volda, Hjelset, Ålesund

Lærling helsefagarbeider

Arbeidsgiver

Sunnmøre kommunale opplæringskontor

Sted

Fjord, Giske, Stranda, Sula, Sykkylven, Ålesund