Hopp til innhold

Lærling i ambulansefaget

Arbeidsgiver

Prehospital klinikkleiing og stab, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Kløvertunvegen 1, 6103 Volda, Opdølvegen 4, 6450 Hjelset, Åsehaugen 5, 6017 Ålesund

Om jobben

Stillingstittel
Lærling i ambulansefaget
Oppstart
1. september 2026
Type ansettelse
Lærling, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
15
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 1. mars

Helse Møre og Romsdal, klinikk for prehospitale tjenester, søker etter lærlingar i ambulansefag med oppstart 01.09.26! 

Klinikk for prehospitale tenester er samansett av 2 avdelingar og 17 seksjonar. Avdeling for AMK, Luftambulanse og Pasientreiser med til saman 4 seksjonar. Avdeling for Båt- og Bilambulanse med 12 seksjonar. Klinikken er spredd på 35 lokasjonar over heile Møre og Romsdal. Helseforetaket har i dag 30 ambulanselærlingar fordelt på 16 ambulansestasjonar.

Helse Nord Trøndelag, St. Olavs Hospital og Helse Møre og Romsdal, samarbeider om opptak av nye lærlingar i Helse Midt-Norge. Dei som ønskjer å søke om læreplass ved alle 3 helseforetaka, må søke til kvart enkelt foretak. Prioriter i søknadstekst frå 1 til 3 kvar du helst ønskjer læreplass. Då treng du kun å møte ein stad for eventuell gjennomføring av fysisk test.

Meir informasjon om å vere lærling i ambulansetenesta finn du her!


Arbeidsoppgåver

Søkjarar som er kvalifiserte men som ikkje får tilbod om læreplass vil bli sett på venteliste som gjeld for inntak i heile Helse Midt-Norge. Søkjarane kan derfor få tilbod om læreplass i dei to andre Helseføretaka i Helse Midt-Norge

Kvalifikasjonar

  • Bestått VG1 helse og oppvekstfag
  • Bestått VG2 ambulansefag
  • Dokumentasjon yrkesfaglig fordjupning (gjeld privatister)
  • God norsk muntleg og skriftleg fremstillingsevne
  • Bestått fysisk test. Søkjarar må i forkant sjekke ut at dei tilfredsstiller krava. Disse finner ved å følge denne lenka
  • Ønskeleg med førarkort klasse B
  • Personlig egnatheit for ambulansefaget
  • Søkjarar som får tilbod om lærekontrakt må sjølv dekkje førarkort klasse C1, og erverve seg dette i første læreår
  • Godkjent politiattest (gjeld ved tilsetting)
Dokumentasjon som MÅ vedlegges søknad:
  • Vitnemål VG1 helse og oppvekstfag
  • Terminkaraktear/vitnemål VG2 ambulansefag
  • Helseattest førarkort gruppe 3 inkludert utryknings-kompetanse/kjøreseddel for buss. Helsekrav må vere oppfylt utan avgrensa varigheit Trykk her
  • Kopi av førarkort (de som har)
  • Tydeleg bilde av søkjar

Ved mangelfull dokumentasjon vil søknaden ikkje bli behandla.

Personlege eigenskapar

  • God fysisk og psykisk helse
  • Personlig egnethet for yrket
  • Framstå med riktig motivasjon
  • Gode holdningar
  • Framstå med gode eigenskapar til kommunikasjon og samhandling med andre
  • Eit dokumentert lavt skule- og arbeidsfråvær
  • Karakterar og fagleg interesse vektleggast

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Trine Volden, Fagutvikler, Trine.Volden@helse-mr.no
Per Johan Viggen, Fagutvikler, Per.Johan.Viggen@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5064382697
Stillingsprosent: 100%
Anna (kommenter i tekstfelt)
Startdato: 01.09.2026
Sluttdato: 31.08.2028
Søknadsfrist: 01.03.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Per Johan Viggen

Fagutvikler

Per.Johan.Viggen@helse-mr.no

Trine Volden

Fagutvikler

Trine.Volden@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

81b591d9-8c56-468d-8d12-8d74a4e96f47

Sist endret

20. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

1bac42beeb6c4d398b694fa6637b2f6a

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Hustadvika kommune Romsdal Opplæringskontor

Sted

Elnesvågen