Helsesekretær/sekretær
Medisinsk logistikk og kontor SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 4, 6450 Hjelset
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsesekretær/sekretær
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 3
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 11. mars
Har du lyst til å jobbe i ein spennande og hektisk bransje? Vi har fleire ledige vikariat som helsesekretær/sekretær!
6450 Hjelset
Referansenr.: 5086389576
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 11.03.2026
I seksjonen vår jobber helsesekretær/sekretær i sengepost, poliklinikk, logistikk eining og i skrankar. Dei tilsette i seksjon Medisinsk kontor og logistikk SNR er ansiktet utad og hjartet i arbeidsflyten i avdelinga.
Arbeidsoppgåver
- Telefonservice
- Registrering av behandleraktivitet og dokumentasjon
- Koding og registrering i pasientadministrative verktøy
- Rydding i rapportar
- Registrere persondata
- Anna praktisk arbeid i logistikkontor/ poliklinikk/ sengepost
- Resepsjonsarbeid med mottak og registrering av pasientar
Kvalifikasjonar
- Utdanning som helsesekretær, evt sekretærutdanning (ikkje eit krav)
- Erfaring frå arbeid som helsesekretær/sekretær
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
- Gode datakunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du yter god og profesjonell service til pasientar og samarbeidspartnarar
- Du er endringsorientert og fleksibel
- Du har gode samarbeidsevner i forhold til kollegaer og samarbeidspartnarar
- Du tek ansvar og er initiativrik
- Du har evne til å handtere fleire ting samtidig
- Du jobbar effektivt og er flink til å prioritere mellom arbeidsoppgåver
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Inger Hargaut, Seksjonsleiar, Inger.Hargaut@helse-mr.noArbeidssted
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5086389576
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 11.03.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
cd07c6c1-af01-4292-8814-1a692ea6143f
- Sist endret
25. februar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d3b7209f36c9496da5a563133cd4d6b8
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Sengepost Medisin 1 SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Hjelset
Arbeidsgiver
Seksjon for forsyning og interntransport SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Hjelset
Ferievikariat 2026 - Vestnes Legesenter
Arbeidsgiver
Vestnes kommune Vestnes legesenter
Sted
Vestnes